MENY

Luke 5

Me testar kor ein finn balansepunktet!

Du treng:

  • Ei skei og ein gaffel
  • Eit glas
  • Ei fyrstikk

Kva skjer:

Stikk gaffelen innpå skeia for å hekta dei saman. Tre fyrstikka inn i gaffelen, slik at fyrstikka stikk ut mellom tennene på gaffelen. Forsøk å henge den opp på kanten av glaset slik at gaffelen og skeia heng på utsida. Du bør vere stødig på handa for å få dei til å balansere på kanten.

Det ser heilt sprøtt ut!

Forklaringa er at tyngdepunktet no er lågare og rett under opphengingspunktet.