MENY

Luke 6

Korleis kan ein balansere ti spikrar oppå ein spikar?

Du treng:

  • Ein trekloss
  • 11 store spikrar med hovud

Kva skjer:

Slå ein av spikrane i treklossen. Dei ti spikrane skal du nå balansere på hovudet til spikaren i klossen.

Det kan sjå umogeleg ut å balansere så mange spikrar oppå hovudet til éin liten spikar. Du må forsøke å låse spikrane fast til kvarandre. Legg ein spikar på bordet, legg 4 spikrar med hovudet over den fyrste, slik at dei ligg på tvers av den undste. Legg så 4 spikrar motsett veg oppå den undste, slik at dei ligg annankvar bortover. Den siste spikaren legg du oppå alle dei fire para, slik at den låser fast hovuda på alle spikrane, og slik at den ligg over den undste spikaren du starta med.

Klem saman alle spikrane med to fingrar, og løft dei opp, slik at de fire para med spikrar heng på skrå nedover. Løft dei forsiktig opp, og balanser dei på spikaren i klossen.

Det plar bli litt fomling før du finn teknikken, men med litt øving får du det heilt sikkert til.