MENY

Luke 7

Visste du at ei flaske kan trille i oppoverbakke?

Du treng:

  • To 1,5 liters brusflasker
  • Teip 
  • To trestokkar på om lag 1 meter
  • Nokre bøker til å legge under trestokkane

Me sagde over toppen av to store brusflasker med jamn skråning i toppen. Deretter festa me kjeglene saman med teip. Du kan også lage dobbeltkjegler av for eksempel to trakter.

Kva skjer?

Legg stokkane ved sida av kvarandre på eit bord, slik at du kan legge dei tynnaste endene på dobbeltkjegla på kvar sin stokk utan at kjegla kjem nedi bordet. Dersom stokkane ikkje er tjukke nok til det, må du bygge opp under dei. Me brukte bøker. Ved startstaden skal stokkane ligge så nær kvarandre at kjegla kviler på dei tjukkaste delane. Stokkane skal sprike litt frå kvarandre, samtidig som dei skal danne ein oppoverbakke. Du må altså bygge meir oppunder den andre enden av stokkane. Når ein tilpassar stokkane og hellinga heilt rett, vil dobbeltkjegla begynne å trille oppover! Det ser så kult ut!