MENY

Luke 8

Me hever vatn ved hjelp av trykket frå gass!

Du treng:

  • To tomme glas
  • Sugerøyr eller anna plastrøyr
  • Limpistol
  • Bakepulver
  • Hushaldingseddik

 

Kva skjer?

Bor eit hol i lokket på det eine syltetøyglaset, bor deretter to hol i lokket på det andre syltetøyglaset slik at sugerøyra passar. Pass på at det er tett rundt kanten av hola ved hjelp av limpistolen.

Bland saman bakepulver og eddiksyre i glaset med eitt hol i lokket. Skru lokket på. I det andre glaset har du litt vatn (gjerne med litt konditorfarge for effekt!). Før sugerøyret som står fritt opp i lufta ned i vatnet. Nå vil gassen som vert danna auke trykket slik at vatnet i det andre glaset vert pressa oppover i sugerøyret.

Bakepulver og eddiksyre vert omgjort til vatn, natriumion og karbondioksid. Det er karbondioksidgassen som dannar trykk, og dermed presser vatnet opp og ut av sugerøyret.

NaHCO3+ + H-> H2O + Na+ + CO2