MENY

Luke 9

Kan ein halde vatn opp-ned utan at det blir søl?

Du treng:

  • Eit glas, (eit tomt syltetøyglass fungerer bra)
  • Litt papp, eller aluminiumsfolie

 

Kva skjer:

Fyll opp vatn i glaset. Legg pappen, eller aluminiumsfolien, oppå glaset, hald handa på pappen medan du snur glaset rundt, opp-ned.

Ta vekk handa, då heng pappen fast! Vatnet renn ikkje ut!

Det ser ganske merkeleg ut at vatnet ikkje renn ut av glaset! Forklaringa er at lufta som er igjen i glaset får undertrykk, slik at det held litt på vatnet. Lufttrykket i rommet er større enn trykket som vatnet utgjer, og presser nedover. 

Vatnmolekylet er bipolart, og alle vatnmolekyla vert haldne saman i eit flettverk med hydrogenbindingar. Overflatekreftene til vatnmolekyla er så sterke at dei hindrar vatnet i å sige ut. Det sig ikkje noko vatn ut langs kanten av glaset.

Dersom du har ei flaske med trong opning, kan du fylle ho med vatn, og snu ho opp ned. Då vil du sjå at du må riste vatnet ut, det renn ikkje ut av seg sjølv.