MENY

Nå kan du studere religion, kultur og samfunn ved UiS

Frå hausten 2020 tilbyr UiS ein ny bachelorgrad i religion, kultur og samfunn.

Hender holdes mot hverandre. Det er fargepulver på hendene, mange ulike farger, og dette skjer under en Holi festival i India

- Religion inngår  i familieliv og etikk, i populærkultur og i arbeidsliv, i politikk og propaganda. Det krevst grundig innsikt i mangfaldet av religionar, kulturar og verdiar for at samfunnet skal kunne ivareta menneskerettar, styrke demokratisk medborgarskap, allmenndanning, lukkast med integrerings- og innvandringsutfordringar og forankre felles løysingar for framtida, seier førsteamanuensis Jon Skarpeid. Han jobbar på Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Det religiøse landskapet er i rask endring. Religionar og livssyn er viktig for enkelmenneske, men også sentralt i organisasjons- og samfunnsliv. Det er et aukande religionsmangfald, samtidig som stadig fleire ikkje lenger tilhøyrer etablerte religiøse tradisjonar.

Skarpeid peikar på at bachelorstudiet gir brei kunnskap om religions- og livssynsmangfald.

- Det tar opp både globale, nasjonale og lokale perspektiv, og gir kompetanse til å handtere spørsmål og utfordringar som oppstår i det mangfaldige og fleirkulturelle samfunnet. Du får høve til å undersøke religiøse endringsprosessar i samtida med et religionsvitskapeleg perspektiv, forklarar Skarpeid.  

Vesentleg for å forstå verda

Studiet fokuserer på kva slags innhald og funksjon religion og livssyn har både på kultur- og samfunnsplan og for det enkelte menneske og korleis forskinga undersøker dette.

- Me er veldig glade for å kunna tilby Bachelor i religion, kultur og samfunn. Kunnskap om og innsikt i korleis religion samverkar med kultur og samfunn er vesentleg for å forstå den verda me lever i, og dei utfordringane me står overfor, seier instituttleiar Odd Magne Bakke, som også er påtroppande dekan ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.

Spørsmål om mangfald, likestilling, krig og fred, klimakrise og miljøvern, mennesket som eit meiningssøkande og kreativt vesen – alt dette gjev religionsfaget viktige tolkingsnyklar for å forstå.

- Faget peiker utover, innover, framover og bakover – her får studentane verkeleg høve til å fordjupa seg i viktige og fascinerande tematikkar, avsluttar Bakke.