Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) eig og driv 1402 studenthyblar og leilegheiter fordelt på ulike område i region Stavanger. Det er gode moglegheiter for å få bustad dersom du søkjer innan 15. april. Ein finn nye studentbustader på campus, ved misjonsvegen og i Bjergsted i nærleiken av Stavanger sentrum. Du finn meir informasjon om bustad, prisar og fristar for å søkje på nettsidene til SiS bolig.
Les mer: Billige Stavanger
Du kan også leige bustad på den private marknaden. Det er ein stor privat bustadmarknad i Stavanger-området. Dersom dette er eit alternativ for deg, kan du for eksempel søkje etter husvære på finn.no eller hybel.no. Du kan òg setje inn ei annonse i dei to store avisene i Stavanger: Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis.
Les mer: Prutet på leilighet midt i byen
Som i alle store studentbyar kan det vere mange som er på jakt etter bustad samstundes. Vi tilrår difor at du startar på bustadjakta så tidleg som mogleg. Det løyser seg alltid til slutt, men å starte tidleg er ein fordel.
Lukke til!