MENY

Barnehagevitenskap master

Er du barnehagelærar og ønskjer å styrke den faglege kompetansen din for å heve kvaliteten i barnehagen? Vil du ruste deg som leiar og bidra til å forme framtidas barnehage? Då er master i barnehagevitskap noko for deg!

Du kan velje mellom tre ulike spesialiseringar:

  •  Mangfald, tilhøyrsle og bærekraft i barnehagen
  •  Leiing og rettleiing i barnehagen
  •  Kommunikasjon og språk i barnehagen

Barnehagen er viktig med tanke på sosial utjamning og tilhøyrsle. Det er ein møtestad for menneske med ulike bakgrunnar, der verdiar skal omsetjast i praksis.

Gjennom studiet får du spesialisert og forskingsbasert kunnskap om barn, barndom og barnehagen som arena for barns utvikling, lek og læring i eit mangfaldig samfunn. Du får inngåande kunnskap om barnehagelæraren som profesjonell aktør i arbeid med kvalitetsutvikling og leiing i barnehagen. Studiet gir kunnskap om forskingsetiske retningslinjer, profesjonsetikk og ulike sentrale vitskaplege perspektiv og forskingsmetodar som er relevante for barnehagefeltet, og kvalifiserer for variert arbeid i institusjonar som arbeider med pedagogiske tilbod for dei yngste barna i utdanningsløpet. Master i barnehagevitskap kvalifiserer også for opptak til doktorgradsprogram som for eksempel utdanningsvitskap, retta inn mot barnehagevitskap.

Studiet er samlingsbasert med mellomarbeid. Du vil få varierte arbeidsformer som ulike typar seminar, førelesingar, litteraturstudium, gruppearbeid, diskusjonar og prosjektarbeid. Læringsaktivitetar i form av mellomarbeid skjer individuelt og i gruppe, og på den nettbaserte læringsplattforma Canvas. I det tredje semesteret har du høve til å dra på utveksling.

Har du ein relevant vidareutdanning på masternivå frå tidlegare, kan du søkje om innpass. Det er og mogleg å søkje om opptak på enkeltemne.

Mastergraden er forskingsbasert og profesjonsinnretta, og kvalifiserer studentane til å ta leiarstillingar i barnehagesektoren. Den kan også opne for karrierevegar i andre institusjonar.

Opptakskravet er treårig barnehagelærerutdanning eller annen relevant utdanning på bachelornivå.

Les meir:

 

 

Barnehagelærer og barn

Kilde: CP Publisert 18.11.2019