MENY

Nelson Mandela Metropolitan University

Nelson Mandela Metropolitan University, Port Elizabeth, Sør-Afrika


På nett: www.nmmu.ac.za  

Kvifor studere ved NMMU
Argumenta for å studere ved Nelson Mandela Metropolitan University (NMMU) er mange. Blant dei viktigaste er at NMMU er eit internasjonalt og velorganisert universitet av høg kvalitet i ein relativt trygg by!

Om universitetet
NMMU er blant dei mest internasjonale universiteta i Sør Afrika, med godt over 10 % internasjonale studentar på campus (2300 internasjonale studentar).

NMMU vart etablert i 2005 etter ei samanslåinga av University of Port Elizabeth og Port Elizabeth Technikon. Dei har i dag 17.000 fulltidsstudentar.

Universitetet har sju fakultet: Faculty of Arts, Faculty of Education, Faculty of Engineering, Faculty of Health Science, Faciulty of Law, Faculty of Science og Faculty of Business & Economic science.

Undervisningsspråket er engelsk, men nokre fag vert og undervist i på Xhosa og afrikaans.

Fasilitetar
Det er fleire kafeteriaer på campus der du kan få kjøpt både middag og lunsj til ein billig penge. Det er ikkje like god tilgang til datamaskinar som heime, og nettet er tregt, så det kan løne seg å ta med eigen berbar PC. Der er bibliotek og helseklinikkar på alle campus. På hovudcampusen i Summerstrand er det treningssentra og postkontor.

Oppsøk gjerne International Student Society ved universitetet. Elles er det eit mangfald av sosiale aktivitetar og organisasjonar av både fagleg og ikkje-fagleg karakter som du kan melde deg i9nn og ta del i.

Campus
NMMU har sju campus: to i Georgetown og fem i PE. Hovudcampusen ligg i bydelen Summerstrand i Port ELizabeth. Her ligg og administrasjonen, Office of International Education og dei aller fleste institutta som vil kome til å ta imot UiS-studentar. Denne campusen er grøn og vakker. Han ligg midt i eit naturreservat, men er omgitt av gjerder så ikkje dyra skal komme inn på sjølve universitetsområdet. Berre apekattane smett over piggtråden.

Port Elizabeth
Port Elizabeth (vanlegvis kalla PE) er ein middels stor by på austkysten av Sør Afrika. Det er ein viktig hamneby, og industrien står sterkt her. Samstundes er det ein svært roleg by. Sentrum av byen ligg nokså daud, med fråflytta edwardianske og viktorianske bygningar som nå må konkurrere med digre trafikkmaskinar om merksemda. Dei rike reiser til store shoppingsentra i utkanten av byen når dei skal handle, og dei mindre velståande får tak i det dei treng i townshipane som breier seg ut over store deler av byen.

Strendene er viktige for byen, og strandliv, bading, surfing, kiting, fisking og andre vannsportsaktivitetar er populære. Byen ligg og nær flotte naturreservat og game reserves.

Bydelen Summerstrand ligg ikkje langt frå the Marine Drive og dei flotte strendene i Port Elizabeth. Dette er strøket for den øvre middelklassen, og husa og gatene ser ut deretter. Her er svært roleg, men og relativt trygt.

Tryggleik på reisa
I Sør-Afrika må ein ta sine førehaldsreglar for å ivareta sin eigen tryggleik. Landet slit med høg kriminalitet, frå relativt små tjuveri til alvorlege tilfeller som overfall og drap. PE vart lenge rekna som svært trygt, men dei siste åra har kriminaliteten auka også i denne byen. Dette må ein ha i tankane når ein ferdast i byen. Når det er sagt, er dette ein langt tryggare by enn Cape Town, Durban og Johannesburg.

For norske studentar som er vane med å kunne røre seg fritt til alle tider av døgnet, og som knapt låser døra når dei går heime frå, vil studentlivet i Sør-Afrika by på store omveltingar. Mange studentar har sagt at dei opplevde det som ei fridomsfrårøving å komme til SA. Men sjølv om møtet med Sør-Afrika kan verke skremmande, er det viktig å understreke at ein kan leve eit trygt og normalt liv så lenge einu følgjer gode råd både frå verts- og heimeinstitusjonen, tar naudsynte førehaldsreglar og bruker sunn fornuft. UiS kallar alle søkjarar inn til eit informasjonsmøte der det blant anna blir gitt informasjon om tryggleikssituasjonen med sikte på å førebu alle så godt som mogleg på den røynda som vil møte ein ved framkomst i Sør-Afrika. Ved semesterstart arrangerer NMMU ei orienteringsveke der tryggleik er eit viktig punkt på programmet. Vi oppmoder på det sterkaste å delta på dette. Les og brosjyren ”sikkerhet på reisen” som du får frå UiS før du reiser ut. Her får du mange generelle råd og tips.

Du bør ikkje gå ute aleine, og i alle fall ikkje etter at det er blitt mørkt og/eller i strok der du ikkje er kjend. I enkelte områder av Port Elizabeth er det heller ikkje trygt å gå ute sjølv om ein er i større grupper. Generelt gjeld det at det er tryggare der det er mykje folk. Ikkje ber med deg store verdisaker, og tenk på korleis du går kledd. Ikkje gjer motstand dersom noen forsøk å rane deg. Ikkje inviter gjester heim som du ikkje kjenner godt frå før, lås inn verdisaker og pass godt på vesker og liknande.

HIV og Aids er eit alvorleg problem i Sør Afrika. På universitetet har dei ei gratis HIV-test-teneste for studentane. 17% av dei som testar seg er smitta av viruset. Ha dette i tankane! Bruk av kondom minskar farane for overføring av smitte, men er slett ikkje ein sikker garanti. HIV/aids er framleis eit tabulagt område i Sør Afrika og kunnskap om tema er manglande.

Trafikken: Kollektivtransporttilbodet er ikkje veldig godt. Det vanlegaste er taxibussar som tek deg dit du vil, men bilane kan ofte vere dårlege, og du kan vere uheldig med dei andre medpassasjerane, så ein bør ikkje nytte desse om kvelden eller i bydelar ein ikkje er kjend i. Vi anbefaler derfor studentane å skaffe seg bil, både for tryggleiken si skuld og av praktiske årsaker. Trafikken i PE er relativ roleg. Det kan vere ei utfordring å bli van med å kjøre på venstresida av vegen, men elles er dei største farane andre trafikkantar som ofte er påverka av alkohol, samt faren for å rote seg inn i områder som er mindre trygge. Det beste rådet er å halde dørene låste mens ein køyrer, planlegge ruta godt før ein legg ut på tur, og vere merksam på andre trafikkantar. NMMU meiner det skal vere mogleg å få kjøpt ein bil til om lag 25.000 kr. UiS kan vere til hjelp med å formidle ønskje om sal til neste gruppe UiS studentar til PE.

For meir informasjon, sjå travel.state.gov/safrica.html

Kven kan søkje?
Avtalen er open for alle studentar ved UiS. Det tyder at så sant universitetet har fag som du kan få godkjent som ein del av studiet ditt her heime, så kan du reise.

Bustad
Universitetet garanterer deg bustad, enten på campus – i studentbustader, eller privat. Deira eigne krav er at elle studentar skal ha eigne rom, det skal maks vere 6 studentar om eit kjøkken og maks tre studentar om eit bad. Vi oppmoder studentane på det sterkaste om å bu der universitetet finn rom til deg, då universitetet går god for tryggleiken der du skal bu. Kostnadane for bustad ligg på rundt 2000/mnd. Dei kan krevje at du betalar for eit heilt semester (6mnd.), sjølv om du skal vere der kortare tid. I studentlandsbyen Annis er det 120 rom. Her deler to studentar bad og kjøkken, der er trådlaust nettverk, symjebasseng, vakt nattetid og berre 5 minuttar gange til næraste kjøpesenter. Det er ikkje tillete med overnattingsgjestar. Du må søkje tidleg for å få plass her.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt