MENY

University of KwaZulu-Natal

University of KwaZulu-Natal, Durban, Sør Afrika


På nett: www.ukzn.ac.za  

Kvifor studere ved UKZN
UKZA er eit stort universitet med ein imponerandes kurspotefølje. Bredda i kurs er enorm, og burde kunne tilfredsstille dei fleste. Samstundes bør studentar som vel å reise hit vere både modne og klare for å tåle ei utfordring.

Om universitetet
UKZN vart etablert i 1. januar 2004, etter ei samanslåinga av det tidligare kvite University of Durban-Westville og det svarte University of Natal. Dei har i dag heile 45 000 studentar og 6000 tilsette. UKZN reknast som eit svært internasjonalt universitet, med 2700 internasjonale studentar frå 70 ulike land. Samstundes er universitetet svært oppteke av å vere eit Sør Afrikansk, post apartheid universitet, ved å nytte eigne ressursar og akademisk ekspertise til å bygge opp og utvikle det afrikanske kontinentet.

Etter samanslåinga har universitet slitt med ein del strukturelle utfordringar, og ein skal ikkje stikke under ein stol at dei er underbemanna.

Universitetet har fem colleges:

Under College of Agriculture, Engineering and Science ligg Faculty of Engineering og Faculty of Science and Agriculture
Under College of Humanities ligg Faculty of Education og Faculty of Humanities, Development and Social Sciences
Under College of Helth Sciences ligg Faculty of Health Sciences og Nelson R Mandela School of Medicine
Under College of Law and Management Studies ligg Faculty of Management Studies og Faculty of Law

Campus
UKZN har fem campus: The Edgewood Campus, Howard College, Medical school, Westville, som alle ligg i, eller nær Durban, og Pietermaritzburg campus i byen med same namn.

Fasilitetar
På alle campus, med unntak av Medical School, er det både utandørs og innandørs sportsfasilitetar med tennis og squashbanar, symjebasseng og treningssentra. Der er og fleire sportsklubbar med trenarar.

Det er fleire kafeteriaer på campus der du kan få kjøpt både middag og lunsj til ein billig penge. Det er ikkje like god tilgang til datamaskinar som heime, og nettet er tregt, så det kan løne seg å ta med eigen berbar PC.

Durban
Durban er ein metropol på austkysten av Sør Afrika. Det er den tredje største byen i Sør Afrika, og den største hamnebyen. Både Zulukulturen og indarane si tilstedeværing viser tydeleg att i bybiletet.

I KwaZulu-Natal regionen finn du flotte naturreservat, der du kan få sjå ”dei fem store” (elefant, bøffel, løve, leopard og nashorn), vakre strender og dramatisk fjellandskap.

Tryggleik på reisa
I Sør-Afrika må ein ta sine førehaldsreglar for å ivareta sin eigen tryggleik. Landet slit med høg kriminalitet, frå relativt små tjuveri til alvorlege tilfeller som valdelege ran, overfall og drap. Durban er blant dei farlegaste byane i så måte. Dette må ein ha i tankane når ein ferdast i byen, og ein må vere innstilt på å gje slipp på ein del av den fridomen ein er van med heime frå.

For norske studentar som er vane med å kunne røre seg fritt til alle tider av døgnet, og som knapt låser døra når dei går heime frå, vil studentlivet i Sør-Afrika by på store omveltingar. Mange studentar har sagt at dei opplevde det som ei fridomsfrårøving å komme til SA. Men sjølv om møtet med Sør-Afrika kan verke skremmande, er det viktig å understreke at ein kan leve eit trygt og normalt liv så lenge ein følgjer gode råd både frå verts- og heimeinstitusjonen, tar naudsynte førehaldsreglar og bruker sunn fornuft. UiS kallar alle søkjarar inn til eit informasjonsmøte der det blant anna blir gitt informasjon om tryggleikssituasjonen med sikte på å førebu alle så godt som mogleg på den røynda som vil møte ein ved framkomst i Sør-Afrika. Ved semesterstart arrangerer UKZN ei orienteringsveke der tryggleik er eit viktig punkt på programmet. Vi oppmoder på det sterkaste å delta på dette. Les og brosjyren ”sikkerhet på reisen” som du får frå UiS før du reiser ut. Her får du mange generelle råd og tips.

Du bør aldri gå ute aleine, og etter det er blitt mørkt og/eller i strok der du ikkje er kjend er det heller ikkje trygt om ein er i større grupper. Generelt gjeld det at det er tryggare der det er mykje folk. Ikkje ber med deg store verdisaker, og tenk på korleis du går kledd. Ikkje gjer motstand dersom noen forsøk å rane deg, ikkje inviter gjester heim om du ikkje kjenner dei godt frå før, lås inn verdisaker og pass godt på vesker og liknande.

HIV og Aids er eit alvorleg problem i Sør Afrika. Blant gravide i Durban er 30-40 % smitta av viruset. Ha dette i tankane! Bruk av kondom minskar farane for overføring av smitte, men er slett ikkje ein sikker garanti. HIV/Aids er framleis tabulagt i Sør Afrika og kunnskap om tema er manglande.

Trafikken: Kollektivtransporttilbodet er ikkje veldig godt. Det vanlegaste er taxibussane som tek deg dit du vil, men bilane kan ofte vere dårlege, og du kan vere uheldig med dei andre medpassasjerane. I Durban vert ein fråråda å nytte seg av desse transportmidla. Vi anbefaler derfor studentane å skaffe seg bil, både for tryggleiken og av praktiske årsaker. Trafikken i Durban kan vere nokså kaotisk, og ein må rekne med at mange av dei andre trafikkantane på vegen er påverka av alkohol. Der er og ein fare for å rote seg inn i områder som er mindre trygge. Køyr alltid med låst dør, plukk aldri opp haikarar og stopp aldri for folk som tar seg ut for å trenge hjelp. Planlegg ruta godt før du legg ut på tur. Det skal vere mogleg å få kjøpt ein bil til om lag 25.000 kr. UKZN kan vere til hjelp med å formidle ønskje om sal til neste gruppe studentar.

For meir informasjon om tryggleik i SA, sjå travel.state.gov/safrica.html 

Bustad
Universitetet kan hjelpe deg med å finne bustad på den private marknaden. Vi oppmodar deg på det sterkaste å ta imot dette tilbodet, då universitetet går god for tryggleiken der du skal bu. Leilegheiter er oftast tryggare enn hus, då dei gjerne har eigne vakter og eit sikrare låsesystem. Bur du i hus bør du sjå til at det er omringa av skikkelege gjerder og har ein god alarminstallasjon.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt