MENY

University of Wisconsin - Platteville

På nett: www.uwplatt.edu  

Kvifor studere ved UW-Platteville?
Dersom du søkjer eit mindre universitet, der det er lett å gjere seg kjend og finne seg til rette, er kan hende University of Wisconsin - Platteville (UW-Platteville) noko for deg. Dette er eit undergraduate-universitet som legg særleg vekt på lærarutdanning, jordbruk, teknologileiing, ingeniør og studiar i lov og rett (criminal justice).

Om universitetet
UW-Platteville vart grunnlagd i 1866. I dag har universitetet om lag 5,900 studentar. Det er med andre ord eit relativt lite universitet.
UW-Platteville har studieprogram innan jordbruk, biologi, økonomi, lov og rett, lærarutdanning, ingeniør, industriell teknologileiing, liberal arts, matematikk og naturvitskap.

Universitetet si målsetjing er å gi undervising av høg kvalitet på undergraduate-nivå. Universitetet er kjend som ’the friendly college.’ Sjølv meiner dei at fakulteta og dei tilsette bryr seg om studentane sine. Det undervisast i små klassar der professorane inkluderer praktiske demonstrasjonar og gruppearbeid

Om staden
Universitetet ligg i det sørvestlege hjørnet av Wisconsin, omlag 70 miles sørvest for Madison og 150 miles vest for Milwaukee. The Greater Platteville-området har omlag 25,000 innbyggjarar.

Fasilitetar
UW-Platteville er eit moderne campus. Her finn du datamaskinar og internettilgong. Det er godt tilrettelagt for sportslege aktivitetar, med heile fire basketballbanar, seks volleyballbanar, fire doble- og to enkle tennisbanar, og ein stor idrettshall for både individuell trening og gruppetrening. Der er og ein konsertsal med 565 seter.

Bustad
UW-Platteville har ni ulike studentbustadar (residence halls). I skuleåret 2005-2006 kosta eit dobbeltrom i studentbustad $1,247 per semester. Ein kan og få full kost (Meal Plans). Her er det ei rekkje ulike alternativ å velje mellom. Prisane varierer frå $607 - $1082 per semester. Les meir her: reslife.saf.uwplatt.edu/housing

Les mer på www.uis.no/internasjonalt