MENY

University of California, Berkeley

På nett: www.berkeley.edu  

Berkeley
University of California, Berkeley ligg eit lite stykke utanfor San Fransisco. Campus har om lag 33.000 studentar. Berkeley er blant dei mest framifrå universiteta i verda. På Times Higher Education Ranking List frå 2005 rangerer dei som nummer 6 i verda! Universitetet har dessutan det tredje største universitetsbiblioteket i USA. Eit semester eller to ved dette universitetet vil difor sannsynlegvis gje deg stor fagleg utteljing.

Kven kan søkje?
Avtalen opnar for utveksling på Master og PhD-nivå. Søkjarar bør ha B eller betre i snittkarakter, men ein kan i enkelte høve vurdere søkjarar med lågare snitt.

Bustad
Det kan vere greitt å førebu seg på at bustadar i og rundt Berkeley er relativt dyrt. Ein kan få eit inntrykk av prisar ved å sjekke desse sidene. Det fins i tillegg private bustadformidlarar som, mot avgift, gir deg tilgang til lister over ledige leiligheter.

Det fins eit kontor ved universitetet som hjelper studentane med å finne bustad. Ein kan søke om å få bu i studentbustader ved UC Berkeley eller på International House (der kronsprinsen budde det første semesteret han var på Berkeley), men det kan vere billigare å bu utanom studentbustadane. Kontoret sit og med lister over ledige bustadar på den private marknaden, og dei låner ut PC'ar og telefonar for å gjere det enklare for deg å leite. Kontoret hevder at dei vanlegvis finn bustader for internasjonale studentar i løpet av to dagar. Det vert likevel ikkje gitt nokon garanti om bustad.

Det kan anbefalast å bo på YMCA mens ein leitar etter ein plass og bu. YMCA ligg eit kvartal unna hjelpekontoret og BART-stasjonen i Berkeley. YMCA har alt fra einmanns- til seksmannsrom. Ein må reservere i god tid før framkomst då det ofte er fullt ved semesterstart. Det er også mogleg å bu på YMCA på permanent basis.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt