MENY

University of California, Davis

På nett: www.ucdavis.edu

Kvifor studere ved University of California at Davis (UC Davis)?
UC Davis er eit av fleire sterke universitet i University of California-familien. Det er mindre kjende enn storesøstrene Berkeley, San Fransisco, Los Angeles og San Diego, men reknast likevel blant dei sterkste offentlege forkings- og undervisningsinstitusjonane på nasjonalt plan.

Om universitetet
UC Davis er eit “small town”, offentleg forskingsuniversitet i the Central Valley, nær delstatshovudstaden og San Francisco Bay. Dei har mest 30.000 studentar. Universitetet er delt inn i 4 colleges (Agricultural and Environmental Sciences, Biological Sciences, Engineering, Letters and Science) og 5 professional schools (Education, Law, Management, Medicine, Veterinary Medicine). Dei har 103 lågaregradsstudium og 86 høgaregradsprogram.

Les mer om denne avtalen på www.uis.no/internasjonalt