MENY

University of Alaska Anchorage

På nett: www.uaa.alaska.edu  

Kvifor studere ved Alaska Anchorage?
Dette er eit relativt lite universitetet der dei tek godt vare på deg som er utvekslingsstudent. Damene som arbeider med internasjonale studentar på opptakskontoret kjenner deg ved namn, og gjer sitt beste for å hjelpe deg på veg til eit kjekt utvekslingsopphald.

Om universitetet
UAA er med sine 17.500 studentar det største universitetet i delstaten Alaska. Blant deira mest populære studium, er Elementary Education, Psychology, Nursing, Accounting og Business Administration.

Om staden
Universitetet ligg i byen Anchorage, med 260.000 innbyggjarar. Her ligg snøen 1,5-2 meter djup heile vinteren og gjennomsnittstemperaturen i vinterhalvåret er –9,5 grader celsius. Om sommaren er det om lag som i Noreg, med ein gjennomsnittstemperatur på 16 grader. Rund heile byen er det laga til sykkelvegar, og om vinteren vert mange av desse gjort om til lysløyper for skigåarar. Også elles i Alaska finn du gode høve for å drive alle typer vintersport, turar I fjellet, hundesledekøyring, spanande villmarksliv, jakt og fiske, rafting, brevandring, kvalsafari og mykje meir. Men der er og kunstgalleri, konserter, teater og museer.

Bustad
UAA Housing and Dining Services (“Housing”) og the Department of Residential Life (“Res Life”) hjelp deg med å finne bustad.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt