MENY

Flinders University

På nett:
www.flinders.edu.au  
www.studyadelaide.com  

Kvifor studere ved Flinders University?
Ein av styrkane til Flinders er undervisninga deira. I 2004 vann dei the Prime Minister’s Award for University Teaching. Eco-tourism, Cultural Tourism, Festival and Event Management, Commerse and Nursing er blant dei mest populære studia ved universitetet.

Om byen
Flinders University ligg i Adeleide i South Australia. Adeleide er ein by med 1,1 million innbyggjarar, ein by som er kjend for Adeleide Festival of Arts og for ein tilbakelent og behagleg livsstil. Delstaten South Australia er tre gonger så stor som Tyskland og har både lange strender, fjell, skog, ørken, vinmarker og verdas største cattle station. Garden er på storleik med Belgia! Klimaet er som ved Middelhavet, med varme, tørre somrar og milde vintrar.

Om universitetet
Universitetet vart etablert i 1966 og har i dag 15,662 studentar, av dei er 2,701 internasjonale studentar.

Flinder er særleg opptekne av å gi eit innovativt undervisningstilbod med stor vekt på kontakt mellom lærar og student, inkorporering av ny informasjon og ny teknologi for å gi støtte til face-to-face undervisning, og ved å ha ei multidisiplinær tilnærming til programutvikling. Om lag ein tredjedel av studentane er ute i praksis som del av studiet.

Sjølv om undervisninga er det som oftast vert trekt fram, er Flinders og eit sterkt forskingsuniversitet, og dei rangerer høgt blant Australske universitet i tida som vert brukt på forsking og i talet på siteringar i meritterande tidsskrift.

Det er eit internasjonalt orientert universitet som rangerer blant dei ti beste Australian Universities for International Standing.

Campus ligg 20 minutt sør for det sentrale business-distriktet i Adelaide, i trygge og attraktive omgjevnader. Det er gode bussamband til sentrum, shopping og til strender.

Fasilitetar
Ein finn fleire butikkar, post, bank, apotek, bokhandel og reisebyrå på campus. Det er og studentsørvis og sportssenter der.

Bustad
Ein kan få studentbustad på campus.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt