MENY

Griffith University

På nett: www.gu.edu.au  

Kvifor studere ved Griffith?
Når ein høyrer om studieliv på Gullkysten får nok mange assosiasjonar til strand- og surfeliv. Det kan likevel også vere gode akademiske grunnar til å studere ved Griffith University. Særleg kan det vere eit godt val for studentar innan musikk og dans (konservatorium og School of arts) og hotell og turisme (Hospitality and Tourism).

Om universitetet og staden
Griffith University opna i 1975, og har i dag 27.000 studentar fordelt på seks campus i Brisbane- og Gold Coast-området. Det er eit moderne universitet som legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og undervisning.

The Gold Coast, eller Gullkysten, er mellom anna er kjend for Surfers Paradise. I dette, og nærliggande strandområde, vil norske studentar finne svært mange andre skandinaviske studentar, men om ein vel å bu i ein av forstadane til Brisbane, er det større sjanse for å kome i kontakt med australske innbyggjarar.

Bustad
Griffith kan garantere deg ein midlartidig bustad og hjelp deg å finne bustad på den private marknaden. Av erfaring seier dei at det vanlegvis ordnar seg med bustad innan ei veke.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt