MENY

Deakin University

På nett: www.deakin.edu.au  

Kvifor studere ved Deakin:
Deakin university er eit noko annleis universitet enn dei store ”Group og eight”- universiteta i Australia. Like fullt er det eit godt universitet, særleg innanfor dei humanistiske faga, inkludert medievitskap. Profilen deira ligg mot det rurale og regionale, samstundes som dei arbeider tett mot industrien.

Om universitetet
Deakin er eit relativt ungt universitet, etablert på 1970-talet. Sjølv om dette var det første universitetet i staten Victoria, valde dei å leggje campus utanfor hovudstaden i fylket, som er Melbourne. Universitetet har 33.000 studentar i alt, og er dermed eit av dei største universiteta i Australia, men studentane er spreidd over fleire campus. Dessutan er svært mange deltidstudentar. Study by distance er ganske stort ved Deakin, og heile 35% av studentane held til utanfor campus. Det internasjonale innslaget ved Deakin er stort. Heile 6000 av studentane på campus er av utanlandsk opphav. Den største gruppa kjem frå Søraust Asia, India og Kina.

Målsetjing til universitetet har heile tida vore å gi eit bidrag til å styrkje dei rurale stroka i Australia, og då spesielt Victoria regionen, snarare enn å konkurrere med dei store og veletablerte universiteta. I tråd med denne filosofien har dei ein strategisk plan om at dei skal ha eit ruralt og regionalt engasjement. Dei vil satse på framhaldande utdanning og ”life long learning” gjennom utstrakt fjernundervisning. Endelig vil dei vere ein tilgjengelig utdanningsinstitusjon, også for dei innbyggjarane som lever utanfor storbyane i Australia. Slagordet deira seier at dei skal vere ”Relevant, Innovativ and responsible”, snarare enn ”det beste, eller det største” universitetet i landet. Dei har ei målsetjing om å jobbe tett mot industrien og ynskjer å utdanne produktive studentar. Derfor satsar dei på industrirelevante kurs som er praktiske, relevante og up-to-date, i følgje dei sjølve.

Deakin har fem fakultet. Sjølv reknar dei Faculty of Arts som særleg sterk. Dette fakultetet har ei særleg vekt på reine humanistiske fag. Kommunikasjons og mediefaga deira er ankerkjend langt utover Australia sine landegrenser. Elles har dei Business & law, Education, Health and Behavioural Science og Science and Technology. I næraste framtid vil dei sannsynlegvis og få medisin.

Om staden
Deakin university er spreitt over fleire campus heilt sør på fastlands-Australia. Hovudcampus ligg i Geelong, ein by med 200 000 innbyggjarar, 1 time frå Melbourne. Her held blant anna Nursing til. Etter samanslåinga med fem andre colleges ligg no det største campuset i Melbourne. Dei har og campus i den vakre kystbyen Warrnambool.

Fasilitetar
På kvart av campusa er det eigne bibliotek og datasalar. Der er bokhandlarar og andre butikkar, restaurantar og kafear og ei rekkje sportsfasilitetar. På både Geelong og Melbourne-campusen fins det bankfilialar.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt