MENY

Nelson Marlborough Institute of Technology

På nett: www.nmit.ac.nz  

Kvifor studere ved NMIT?
NMIT er ein polyteknisk høgskole med blant anna ei god sjukepleieutdanning som på mange måtar liknar den norske utdanninga. Med flest soldøgn i landet, og mest berre halvparten så lite nedbør som i Stavanger, kan dette vere ein svært så behageleg stad å halde seg i eit semester eller to.

Kven kan studere ved NMIT?
Avtalen er først og fremst rekna for sjukepleiestudentar.

Om universitetet
NMIT er ein polyteknisk høgskole etablert i 1904. Dei har berre utdanning på lågare grads nivå. Campus ligg i sentrum av byen Nelson. Høgskolen har 7.000 studentar. Ein stor del av studentmassen er deltidstudentar.

I New Zealand er sjukepleieutdanninga lagt til dei polytekniske høgskolane, og kvaliteten på utdanninga er generelt god. Dette gjeld og sjukepleieutdanninga ved NMIT.

Om byen
Nelson er ein liten by med 44.000 innbyggjarar, omgitt av tre nasjonalparkar, Nelson Lakes, Kahurangi og Abel Tasman. Nelson er kjend for å vere den mest solrike byen på New Zealand. Sjølv om vinteren kjem varme, solrike dagar etter kalde frostnetter. Om sommaren ligg gjennomsnittstemperaturen på 22 gradar, om vinteren på 13. Det er og den største fiskehamna i Australasia.

Fasilitetar
Det er eit moderne bibliotekssenter på campus med datasal med meir enn 300 maskinar. Alle studentar har fri tilgang til internett og eigen e-postkonto. Der er eit studentsenter med kafeteria og dei har ein rekreasjonskoordinator som arrangerer turneringar og aktivitetstilbod i helger og feriar, inkludert kanopadling, kvalsafari, golf, hesteridning, turar i fjellet, rafting, film- og karaokekveldar. Noe for ein kvar smak, skulle ein tru. Det er tilbod om henting på flyplassen når ein kjem.

Bustad
NMIT Hjelp deg å finne bustad. Du har følgjande val:

Full Homestay. Du bur heime hos ein familie, og et alle måltida der. Prisen er NZ$165/veka (mat inkludert).
Independent Homestay. Du leiger rom hos ein familie. NZ$110/veka (mat ikkje inkludert)
Flatting. Du bur i kollektiv/leiger saman med 2-4 andre. Vanlegvis umøblert. NZ$90-130/veka. Det beste er om du ordner dette etter at du er komen ned, og at du i mellomtida bur i homestay, ungdomsherberge eller liknande.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt