MENY

Western Institute of Technology at Taranaki

På nett: www.taranaki.ac.nz  

Kvifor studere ved WITT?
WITT er ein polyteknisk høgskole med blant anna ei god sjukepleieutdanning som på mange måtar liknar den norske utdanninga. Avtalen er først og fremst rekna for sjukepleiestudentar.

Om byen
Hovudcampusen New Plymouth Taranaki ligg på vestkysten av den nordlege øya i New Zealand. Det skal være ein flott region med snødekte fjelltoppar, ei lang kyststripe, flotte høve for surfing og andre utedøraktivitetar.

Om universitetet
The Western Institute of Technology at Taranaki (WITT) er eit lite, statleg eigd, Tertiary Education Institution (TEI). i Taranaki. Dei tilbyr kurs på sertifikat- og gradsnivå innan Business, Nursing, Sciences, Hospitality, Maori, Humanities, English Language, Media, Art, Electrical, Engineering, Automotive, Welding, Carpentry, Architecture, Computing, Cookery, Sports Development, Electrotechnology, Hairdressing, Fashion, Beauty Therapy, Early Childhood Education og Agriculture.

Kursa er arbeidsretta. Undervisninga går føre seg i små klasserom. Dei samarbeider og tett med industrien, og nytter seg mykje av ”on–job training”.

Fasilitetar
På campus finn du cafeteria, restaurant og kafear, datasalar, ein radiosal, laboratorier, og to nye studentbustadar med moderne og rimelege bustadar.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt