MENY

University of Alberta, Edmonton, Canada

På nett: www.ualberta.ca  

Kvifor studere ved Alberta?
The University of Alberta, eller UofA, i Edmonton, Alberta, er eit stort universitet med eit breitt fagtilbod. Dei har og det nest største biblioteket i landet. Innanfor ingeniørfag reknast dei for å vere blant dei 6 sterkaste i Nord-Amerika.

Kven kan søke?
Denne avtalen er open for alle studentar ved UiS. Det er ikkje begrensningar på kor mange studentar vi kan sende kvart semester. Studentane bør ha eit snitt på karakteren C eller betre, men andre studentar kan og søkje.

Om universitetet:
UofA vart etablert i 1908 og har om lag 34 000 studentar, av desse over 1800 internasjonale. Studentane kan velje mellom meir ein 200 studieprogram på lågare grad og 170 studieprogram på høgare grad. Universitetet har 16 "schools" og fakultet: Agriculture, Forestry and Home, Economics, Arts, School of Business, Education, Engineering, Extension (etterutdanning, studieturar og engelsk som andrespråk), Faculté Saint-Jean (diverse studieprogram for studentar med fransk som førstespråk), Graduate Studies and Research (tilbyr forskingsretta studieprogram på høgare grad, profesjonsretta grader og doktorgradsstudiar), Law, Medicine and Dentistry, School of Native Studies, Nursing, Pharmacy and Pharmaceutical Sciences, Physical Education and Recreation, Rehabilitation Medicine, Science.

Fullstendig oversikt over kurstilbodet ved UofA finn du her.

Om byen:
Edmonton er ein by med i underkant av 1 million innbyggjarar, men grunna gode tider i oljebransjen er byen i enorm vekst. Byen har eit rikt kulturliv med teater, opera, symfoniorkester og sportslige hendingar (ishockey (få mellom anna med deg heimekampar med Edmonton Oilers, med den norske spelaren Patrick Thoresen), football, baseball). Byen har dessutan verdas nest største kjøpesenter! West Edmonton Mall fristar med over 800 butikkar, 110 serveringsstadar, kinoar, verdas største innandørs underhaldningspark, bølgjebasseng og ishockeyhall. Om du får nok av byens mange kulturelle og kommersielle tilbod kan du slappe av i parken langs elva.

Nokre timars køyring unna kan ein nå the Banff og Jasper National Parks i Rocky Mountains, som tilbyr framifrå skiterreng og alpinanlegg om vinteren og fantastiske forhold for friluftsliv og turgåing om sommaren. Sjå opp for grizzlybjørn!

Edmonton er ein av byane i Canada med mest sol, året rundt. Elles er det svært kaldt om vinteren og varmt om sommaren.

Fasilitetar:
Campus ligg like utanom sentrum av Edmonton og strekkjer seg over 50 kvartal og inneheld over 100 bygningar. Det nest største biblioteket i Canada ligg her. Campusen er som ein by i byen. Her fins mellom anna shoppingsenter, restaurantar, pubar, barar, klubbar, teater, kunstgalleri og flotte sportsfasilitetar for både utandørs- og innandørsaktivitetar. Servicekont som International Centre, University Health Centre, Academic Support Centre, Student Counselling Sevices, Specialized Support and Disability, Career and Placement Services, Safewalk: vakter til å eskortere studentar trygt rundt på campus på kveldstid

Kvart semester vert det arrangert ei orienteringsveke for nye studentar.

Kvar torsdag samlast nordiskstudentar og nordiske studentar til sosialt samvære på ein av studentpubane.

Bustad og kostnadsnivå:
Dersom ein søkjer om bustad innan 30. april for start i september, kan alberta garantere deg bustad på campus (ikkje on-line-søknad). I vinter/vår-semesteret kan dei ikkje garantere bustad, men studentane kan rekne med hjelp til å finne bustad på den private marknaden. På campus kan studentar velje mellom tradisjonelle "Residence Halls", med ein måltidplan inkludert i prisen, eller hyblar og leilegheiter der ein deler kjøkken og bad med andre. Mange av bustadane tilbyr tilgang til eigne lesesalar, kabel-tv, pc-stuer og internettilgang. For meir informasjon om dei ulike alternativa sjå på nettsidene til U of A Housing and Food Services.

Student's Union Housing Registry hjelper til med å formidle bustadar på den private marknaden: www.su.ualberta.ca.

Les mer på www.uis.no/internasjonalt