MENY

Studietilbod ved ISØP

Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging har ei rekkje masterstudium innan svært aktuelle område. I tillegg har instituttet ansvar for bachelorstudiet i bygg med spesialiseringar i byutvikling og urban design og i teknisk planlegging. Og det er mogleg å doktorgradsstudiet i risikostyring og samfunnssikkerheit ved instituttet.

  • Byggarbeidere i arbeid. Bildet illustrerer bachelorstudiet i byggingeniør ved Universitetet i Stavanger.

    Bachelor i bygg

    Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging (ISØP) har ansvaret for bachelorstudiet i bygg med spesialiseringar i byplanlegging og i teknisk planlegging.

  • Illustrasjonsbilde, risikovurdering. Bilde fra Zoaring

    Master samfunnssikkerheit (toårig)

    Studiet gjev ein brei presentasjon av korleis tryggleiks- og beredskapshensyn kan ivaretas i samfunnet. Masterprogrammet har to spesialiseringar: Teknisk og samfunnsfagleg.

  • Dresskledd mann balanserer på line  mellom to høye hus. Bildet illustrerer masterstudiet i risikostyring ved Universitetet i Stavanger.

    Master i risikostyring (toårig)

    På masterstudiet i risikostyring lærer du å analysera, skildra og kommunisera risiko. Du får kunnskap om korleis risiko kan styrast slik at ein får ønska balanse mellom verdiskaping og gevinst på den ein sida, og fare for tap, ulukker og skadar på den andre sida.

  • Raffineri.

    Master i industriell økonomi (toårig)

    Masterstudiet i industriell økonomi kombinerer økonomi- og ledelsesfag med ein ingeniørfaglig fordyping.

  • Studenter i industriell økonomi ved Universitetet i Stavanger.

    Master i industriell økonomi (femårig)

    Femårig masterstudie i industriell økonomi er ein kombinasjon av bachelor i ingeniørfag (første tre år) og teknisk/økonomisk påbygging til master i teknologi/sivilingeniør (siste to år). Studiet er ein unik kombinasjon av ingeniør- og økonomiutdanning.

  • To hus med grønn plen mellom.

    Master i byplanlegging (toårig)

    Masterprogrammet i byplanlegging kvalifiserer deg til å planleggja og utforma framtida sine byar.

  • Kjerag

    Master i risk analysis and governance (toårig, engelsk)

    Masterprogrammet i Risk analysis and governance gjer deg til ein høgt kvalifisert ekspert på vitskap og anvendelse av risikoanalyse, politikk og styring.

  • Master i byplanlegging (femårig)

    Mastergradsstudiet i byplanlegging er ein kombinasjon av bachelorgrad i byggingeniør dei første tre åra og mastergrad i byutvikling dei siste to åra. Studiet gjev deg høve til å jobba med relevante problemstillingar knyte til det lokale nærmiljøet.

  • Avhandlinger

    Ph.d. i risikostyring og samfunnssikkerheit

    Doktorgradsprogrammet gjev høve til å tilnærma seg området frå ulike utgangspunkt, og både tekniske, økonomiske, finansielle og samfunnsvitskaplege tilnærmingar er innlemma i programmet.