MENY

Studietilbod ved IEP

Institutt for energi- og petroleumsteknologi har eit variert studietilbod på bachelor-, master- og doktorgradsnivå i petroleumsrelaterte fag.

  • Illustrasjon av to plattformer.

    Bachelor i petroleumsteknologi

    Petroleumsingeniørar arbeider i olje- og gassbransjen, gjerne med ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar. På dette studiet vert du kvalifisert til land- og offshorebaserte stillingar. Utdanninga held eit høgt fagleg internasjonalt nivå, og nokre emne er på engelsk.

  • Masterstudenter i petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger på lab.

    Master i petroleumsteknologi (toårig)

    Masterstudiet i petroleumsteknologi kvalifiserer deg til ein internasjonal karriere innan olje- og gassindustrien. Dette er studiet for deg som er god i realfag og som har ei interesse for utvikling og bruk av teknologi. Du spesialiserer deg i enten bore- og brønnteknologi, naturgassteknologi eller reservoarteknologi.

  • Geolaben til petroleumsgeologi-studentene ved Universitetet i Stavanger.

    Master i petroleumsteknologi (femårig)

    Masterstudiet i petroleumsteknologi kvalifiserer deg til ein internasjonal karriere i olje- og gassindustrien. Dette er studiet for deg som er god i realfag og som har ei interesse for utvikling og bruk av teknologi. Er du samstundes nysgjerrig på utfordringane i olje- og gassindustrien og ynskjer å bidra til at Noreg utnyttar sine olje- og gassressursar på best mogleg måte, både økonomisk og miljømessig, så er dette studiet for deg. Du vel spesialisering i enten boreteknologi, naturgassteknologi eller reservoarteknologi.

  • Doktorgradsstudenter ved det nasjonale IOR-senteret

    Doktorgrad i petroleumsteknologi

    Doktorgradsstudiet i petroleumsteknologi har fordypninger i reservoarteknologi, boring og brønn, naturgassteknologi og petroleumsgeologi.