MENY

Master i petroleumsteknologi (femårig)

Masterstudiet i petroleumsteknologi kvalifiserer deg til ein internasjonal karriere i olje- og gassindustrien. Dette er studiet for deg som er god i realfag og som har ei interesse for utvikling og bruk av teknologi. Er du samstundes nysgjerrig på utfordringane i olje- og gassindustrien og ynskjer å bidra til at Noreg utnyttar sine olje- og gassressursar på best mogleg måte, både økonomisk og miljømessig, så er dette studiet for deg. Du vel spesialisering i enten boreteknologi, naturgassteknologi eller reservoarteknologi.