Instituttet er eitt av sju institutt under Det teknisk-naturvitskapelege fakultetet. Det har rundt 23 vitskaplege stillingar, 10 professor II, 11 laboratorieingeniørar, 3 administrativt tilsette, rundt 20 doktorgradsstudentar og 600 studentar.
IMBM sine tilsette er delt inn i fire faggrupper med tilhøyrande fagområde:
-
Bygg - konstruksjonsteknikk
-
Maskin og materialteknologi
-
Marin- og undervassteknologi
-
Industriell teknologi og driftsleiing
IMBM tilbyr studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.
Instituttet har ein internasjonal profil med tilsette og studentar frå heile verda. Dei to masterprogramma i offshoreteknologi som instituttet tilbyr er internasjonale og over halvparten av disse studentane er internasjonale studentar.