Korleis kvantedatamaskiner vil forandre verda - på godt og vondt

Onsdag 20. mars 2024 kl. 19:00-20:30,
Jernaldergården besøkssenter, Madlamarkveien 152.

Norges tekniske vitenskapsakademi og TEKNA inviterer til foredrag om kvantedatamaskiner.

Published Sist oppdatert

Mann med briller foran et gult og svart skilt.

Merk at møtet er på Jernaldergården. Vi tilrår buss eller parkering på UiS. Det blir servert kaffi og te frå kl. 18:30 og enkel mat etter presentasjonen.

OBS! Av omsyn til serveringa ber vi om at du melder deg på via NTVA sin nettstad.

Foredragshaldar er professor Sølve Selstø frå Oslomet.

Kvanterekning, quantum computing, blir av mange spådde å revolusjonera måten ein gjer tunge berekningar på. Kodeknekking, kryptering og kunstig intelligens er døme på område der quantum computing kan by på heilt nye moglegheiter og truslar. Mikro-kosmos er veldig ulikt den verda me ser til dagleg.

Kvantefysiske system oppfører seg på måtar som skiljer seg vesentleg frå system som er lydige mot Newtons lovar. Dette kan mellom anna brukast til å behandla data og gjere berekningar på veldig effektive måtar, noko som har vore kjent sidan 80-talet. Det nye er at dette ikkje lenger berre er vakker teori og spanande tankar; det er gryande teknologi. Ein teknologi som langt på veg kan forandra verda - på godt og vondt. Dette har ein fått med seg i mange land, mellom anna i nabolanda våre. Men i Noreg har me ikkje vakna heilt endå.

I dette foredraget vil Sølve Selstø prøva å seie litt om kva kvanterekning er, korleis kvantedatamaskinar kan ha fordelar over "vanlege" datamaskinar, korleis dei kan implementerast og kor dei er venta å ha størst påverknad.

Sølve Selstø er professor i fysikk ved Oslomet og har doktorgrad innan teoretisk/berekningsorientert atomfysikk. Sjølv om forskinga hans stort sett har handla om grunnforsking og metodikk, er han også opptekne av kvanteteknologi. Oslomet har eigne kvantedatamaskinar som blir brukt til forsking og undervising innan kvanteinformasjonsteknologi. At abstrakte, ikkje-intuitive kvantefenomen kan brukast i praktisk problemløysing finn han både vakkert og fascinerande. Han er også oppteken av å implementera numeriske metodar i matematikkundervisinga.