Om UiS

Universitetet i Stavanger er eit innovativt og internasjonalt universitet. Vi er ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. UiS utfordrar det velkjente og utforskar det ukjente.

UiS i tal 2023
Antal studentar

12.383

Antal årsverk

1926

Avlagte doktorgradar

61

Publiseringspoeng

1488

– Sjølv ser eg for meg eit universitet med studentar som har eit reflekterande søk mot meining og eit driv etter å gjere verda betre. (rektor Klaus Mohn)

Kven er vi?

UiS skal vere eit ope universitet med høg trivsel blant våre studentar og tilsette. Grøn omstilling, energi, helse og velferd, læring for livet og eit godt lærings- og arbeidsmiljø er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. 

Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og fleire nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museumUiS EVU er universitetet si eining for etter- og vidareutdanning.

Dei seks fakulteta våre

Organisasjonen

Forsking og samarbeid

Strategien vår

Eit UiS for studentane

Bli med rektor Klaus Mohn på omvisning på campus.

Kom i kontakt med oss