Å bevare spora etter livet i fortida, for framtida

Stavanger blir sett på som oljehovudstaden i Noreg. Få veit at byen skjuler eit anna slags ‘svart gull’. Kulturlaga frå mellomalderen, bevart under torg, gateløp og bygningar i sentrum, utgjer ei rik og unik kjelde til kunnskap om tidlegare levd liv.

Publisert Sist oppdatert

Bilde av en tann utgravd under Stavanger domkirke

Ved bruk av dei rette metodane kan dette arkeologiske arkivet ‘lesast’ og ein kan studere langtidseffektar av endringar i miljø, klima og sosio-kulturelle tilhøve, som har påverka både enkeltskjebnar og samfunnet som heilskap. Dersom det er godt nok bevart.

Vel bevart?

Stavanger domkyrkje, i sentrum av byen, er den mest autentiske og best bevarte katedralen i Norge, og ein av berre tre som framleis står i dag. Kyrkja har vore i kontinuerleg bruk i 900 år og er framleis det viktigaste bygget i byen. Ei utgraving under kyrkjegolvet på 1960-talet avdekka kristne graver med skjelett frå perioden rett før domkyrkja vart bygd.

Når ein studerer menneske og samfunn i fortida er det få funn som er meir forteljande enn leivningane etter menneska sjølve. Kor snakkesalige dei daude er avheng av kor godt bevart dei er. Men, kva påverkar bevaring av arkeologisk biologisk materiale? For å undersøkje dette, vil vi utføre ei ny arkeologisk utgraving i kyrkjegarden i Stavanger, samt analysar av skjelett frå museumssamlingar.  Skjelettanalysane vil illustrere verdien av materialet som arkiv for levd liv. Kor kom dei tidlegaste byborgarane i Stavanger frå? Korleis skilde liva deira seg frå dei som budde på landsbygda når det gjeld kosthald, helse og sjukdommar?

Eit skjørt arkiv over levd liv

Bein og tenner har alltid vore viktig kjeldemateriale for arkeologar. Dette gjeld i enno større grad i dag, med nye metodar som gjer at vi kan analysere gamalt DNA og protein. Slike biomolekyl fortel òg historiar, om individ, og om populasjonar over lang tid. Men, materialet er følsamt for nedbryting og forureining, og studiar peikar mot auka nedbryting i nyare tid på grunn av klimaendringar, forureining og menneskeleg aktivitet. Er vi i ferd med å miste det heile?

For å hindre dette, er det behov for forsking på korleis biologiske leivningar blir brotne ned, eller bevart. Dette er ikkje enkelt. Det gjeld komplekse materiale, i eit komplekst miljø, gjennom hundrevis eller tusenvis av år. I tillegg er biomolekyla usynlege for det blotte auge. Vi kombinerer difor tradisjonell arkeologi med miljøvitskap, rettsmedisin og molekylærbiologi. Den nye kunnskapen vi oppnår med dette vil kunne bidra til betring av metodar for å sikre og ivareta dette verdfulle men skjøre arkivet.