Elevar trivst betre om dei ikkje sit framfor pulten heile dagen

Både lærarar og elevar rapporterer om betre fysisk og psykisk helse, ifølge forsking.

Published Sist oppdatert

Tre gutter og en jente som spiller innebandy
Elevar ved Tastaveden spelar innebandy i FYSAK (Foto: Ina Stråtveit)

Sida 2013 har skulen gjennomført tre økter á 30 minutt kva veke, med obligatorisk og lærarstyrt FYSAK for elevane.

Gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Tastaveden og Universitetet i Stavanger har forskarar no undersøkt elevane og lærarane sine erfaringar med dagleg fysisk aktivitet i skulen.

-     Auka fysisk aktivitet i skulen er ikkje eit nytt tiltak. Tidlegare forsking peikar på at prosjekt knytte til fysisk aktivitet oftast gir best resultat når dei skjer på skulen og at dei bør tilpassast både den einskilde skulen, samt elevane sine behov og interesser, seier førsteamanuensis Eva Leibinger ved UIS.

Saman med professor Sindre M. Dyrstad har ho leia forskingsprosjektet frå UIS si side.

Visjonen om aktiv læringsglede

Tastaveden ungdomsskule henta inspirasjon frå både Søndre Land ungdomsskule og Lillesand ungdomsskule, då dei sette i gong. Etter diskusjonar i personalet, foreldreutvalet og driftsstyret blei fysisk aktivitet vald som eitt av skulen sine satsingsområde.

-     I kombinasjon med to økter i veka med kroppsøving, gir dette elevane fysisk-motorisk utfolding kvar dag, seier Ina Stråtveit. Ho er ein av lærarane ved Tastaveden som har jobba mykje med FYSAK. 

Elevgrupper roterer på aktivitetar som å gå tur, kanonball, innebandy, badminton, hoppetau, og tradisjonelle leikar som snipp og snapp, stiv heks og nappe hale.

-     Elevane foreslår sjølv nye aktivitetar som kan inngå i rulleringa, fortel Stråtveit. Skulen er oppteken av at elevane kjenner at dei har val og kan medverke, slik at aktivitetane i størst mogeleg grad kan gi meistring og ei oppleving av å høyre til.  

Skulen har ein FYSAK-ansvarleg lærer for kvart trinn, samt ein lærar med oppgåver på tvers av klassetrinna. Desse lærarane har oppgåver som å lage og administrere aktivitetsplanar- og skildringar, fornye og utvikle aktivitetar og utstyr.

I forskingsprosjektet har UIS-forskarane samt Stråtveit og Eivind Thorsen frå Tastaveden ungdomsskule innhenta data frå fire årskull av elevar mellom 2013 - 2017, samt to lærargrupper i 2013 og 2018.

 

Fornøgde elevar

Resultata viser at 90-95% av elevar ved Tastaveden ungdomsskule var svært positive til FYSAK, og meinte desse øktene har ført til auka fysisk og psykisk helse.

Leibinger forklarer at årsakene som elevane gir, kan samlast i fem tematiske kategoriar: 

-     Elevane peikar på trivsel («gøy», «kjekt») og helse generelt («frisk luft», «alle har godt av det»), men også på den sosiale dimensjonen («blir betre kjent», «snakkar saman»), fysiske konsekvensar («gir energi», «et meir») og psykiske aspekt («betre konsentrasjon», «avbrekk frå andre fag»).

Negative elevkommentarar var ofte knytte til det å gå tur i dårleg vêr. På 8. trinn var dei tre mest populære aktivitetane kanonball, innebandy og badminton/langtau.

Elevane på 8. trinn har også svart på spørsmålet «Trur du FYSAK har verka positivt på klassemiljøet?». Her har i gjennomsnitt 73 % av elevane svart «ganske mykje» eller «veldig mykje».

 

Positiv verknad på relasjonen lærar-elev

Lærarane var i hovudsak også positive til obligatorisk FYSAK i skuletida. 90 prosent av dei involverte lærarane meinte tiltaket resulterer i ein betre skulekvardag for elevane. Dei rapporterte også om betre relasjonar mellom elevar og lærarar. FYSAK-turane gav svært gode høve til relasjonsbygging i form av uformelle samtalar mellom elevar og lærarar utanfor klasserommet.

-     Mange lærarar meinte også at FYSAK skapte eit verdifullt avbrekk i skulekvardagen, noko som var bra for både læringsmiljøet, trivsel og helse, fortel Leibinger. 

Skulen har også støtt på utfordringar med innføringa av dagleg fysisk aktivitet. Rundt halvparten av dei involverte lærarane sa seg heilt eller delvis einig i påstanden om at innføringa av FYSAK har medført eit større tidspress i dei andre faga. Rundt 40 % av lærarane rapporterte også at dei hadde måtta ta på seg oppgåver dei ikkje trivst med.

-     Å jobbe med opplevde utfordringar er også viktig for å lukkast med slike prosjekt, meiner Ina Stråtveit ved Tastaveden.

Forankring, framsyn og medverknad

 

Leibingar peikar på at FYSAK har vektlagt variasjon, høve til å velje, meistring og sosial tilhøyrsel.

-     Dette kan vere forklaringar på dei gode tilbakemeldingane tiltaket har fått, seier ho.

Sjølv om forskingsprosjektet ikkje har sett direkte på korleis organiseringa av FYASK har påverka implementeringa, sit skulen og prosjektgruppa igjen med eit sett nyttige erfaringar. Dei meiner følgjande lærdomar kan takast med vidare:

  • FYSAK bør fokusere på variasjon og gi høve til alternative aktivitetar framfor tradisjonelle aktivitetar
  • Ordninga bør gi elevane valmoglegheiter, kjensle av meistring og sosial tilhøyrsel
  • Skulen tilrår å innføre FYSAK for eit trinn per år.
  • Faste, skriftlege, timeplanfesta planar og ei stram organisering var viktig for å lukkast.
  • Stemma til elevane må bli høyrd.
  • God forankring hos lærarar og oppfølging frå skulen si leiing er avgjerande for å lukkast.

Referanse:

Dyrstad, S. M., Stråtveit, I., Thoresen, E., & Leibinger, E. (2020). Daglig fysisk aktivitet i ungdomsskolen: elever og læreres erfaringer. Norsk pedagogisk tidsskrift, 104(2), 95-108.

Tekst: Anja Kristin Bakken