UiS var vertskap for nasjonal masterklasse i areal- og samfunnsplanlegging

10 studentar frå heile landet har vore samla på Universitetet i Stavanger i tre dagar for å lære om klimatilpassing gjennom planlegging.

Published Sist oppdatert

For første gong har Universitetet i Stavanger (UiS) vore vertskap for nasjonal masterklasse i planlegging. Masterstudentar frå ulike høgskular og universitet i landet, har fått fagleg påfyll på UiS frå 12.-14. mars.

To av studentane som deltok var Trygve Deinboll Markås (24), som studerer Climate Change Management i Sogndal ved Høgskulen på Vestlandet, og Live Røstadsand (24), som studerer samfunnsgeografi med fordjupning i urbane studier og planlegging ved Universitetet i Oslo (UiO).

– Eg ville vere med for å få litt innspel og dele erfaringar med både føredragshaldarar, undervisarar og studentar. Å sjå korleis dei jobbar. Det er ein fordel at vi er studentar frå ulike studiestader, seier Trygve.

– Nyttig samling med supre studentar og lærekrefter

Føredragshaldar frå fleire av landets største universitet og høgskular, i tillegg til Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune, har delteke.

Årets tema var klimatilpassing gjennom planlegging.

Førsteamanuensis i byutvikling og urban design ved UiS, Daniela Müller-Eie, har vore med på å organisere det heile, og skriv i programmet:

«Et viktig formål med planlegging er å begrense negativ påvirkning av fremtidens klima gjennom å redusere klimagassutslipp, samtidig som steder må tilpasses pågående klimaendringer. Disse målsettinger påvirker tekniske løsninger og kostnader, det fysiske bymiljøet og sosiale forhold. Vi stiller derfor spørsmålet, hvordan klimatilpasning kan sikres gjennom planlegging?»

– Sidan temaet er klimatilpassing, har vi sett på ulike tilnærmingar til korleis ein ser på det, og inkluderer det i planlegging. Utifrå diskusjonane, trur eg dette er noko dei fleste har vore innom på studiet sitt. Men no har vi sett meir spesifikt på korleis det bør bli gjort, fortel Live.

Jente holder glass med vann. Gutt i rutete jakke står ved siden av.
UiO-student Live Røstadsand (24) og Trygve Deinboll Markås (24) frå Høgskulen på Vestlandet deltok begge på masterklassen i planlegging i Dataverkstedet på Universitetet i Stavanger.

Masterklassen er eit nasjonalt initiativ, organisert av KS, og finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), som også var til stades.

– Veldig bra og nyttig samling med supre studentar og lærekrefter, seier avdelingsdirektør Hanne Bakke i KDD.

Trygve informerer om at KDD hadde eit innspel med startpakke til arealplanleggarar.

– Dei er klar over at det trengs fleire planleggarar på nasjonalt nivå, seier han.

Nye perspektiv

Live vil trekke fram UiS-professor i samfunnssikkerhet, Ole Andreas Engen sitt føredrag.

– Det handla om beredskap og risiko. For min del handlar studiet mitt litt meir om det sosiale aspektet rundt planlegging, så eg har ikkje sett så mykje på til dømes flaum. Det var veldig spennande å få eit innblikk i korleis det påverkar planlegging.

Trygve legg til:

Studenter på foredrag
10 studentar frå ulike høgskular og universitet har vore samla på UiS for nasjonal masterklasse i planlegging.

– Då vi diskuterte, blei det veldig spesifikke spørsmål. Det er mykje med klima som heng saman, som ein ikkje har tenkt på før. Når temaet er klimatilpassing i planlegging, er det mange hensyn å ta. Det er veldig berikande å samlast og dele vår kunnskap.

Positivt overraska over UiS

Trygve fortel at det også har vore tid til å bli kjent.

– Eg vart positivt overraska over UiS. Det er flott her! Vi har også hatt litt sosialt opplegg med middagar og ekskursjon til området Paradis i Stavanger, for å sjå på korleis Stavanger kommune planlegg for klimatilpassing i arealplanlegginga deira. Det var veldig lærerikt, seier han.

Live seier at det tverrfaglege aspektet er det viktigaste ho tek med seg frå masterklassen:

– Når vi skal ut i arbeidslivet, der vi mest sannsynleg skal jobbe med planlegging på ein eller annan måte, kjem vi til å jobbe slik som vi har gjort her – med ulike tilnærmingar til planlegging.

– Det fine med å vere ein arealplanleggar er at du ser fysisk endring. Å vere med på å påverke til noko positivt er veldig gøy, avsluttar Trygve.