Populært emne i berekraft for alle studentar

UiS tilbyr no eit tverrfagleg emne i berekraft og grøn omstilling. Det var inspirerande og lærerikt, skal vi tro det første kullet som tok emnet.

Published Sist oppdatert

Gruppe av fire studenter og to forelesere som stiller seg opp
Frå venstre: Undervisar i utfordringsbasert læring Masoumeh Sanaz Shahverdi, studentane Elina Risanger (økonomi og administrasjon), Marit Bråten (økonomi og administrasjon), Asbjørn Stokka (elektroingeniør) og Caroline Einvik (maskiningeniør). Heilt til høgre: Emneansvarleg Andra Riandita. Studentane Espen Wenberg (maskiningeniør) og Kristoffer Torbjørn Hauge (byplanlegging) var også med på laget, men ikkje til stades då bildet blei tatt. 

– Det eg likte best var at vi var studentar med ulike bakgrunnar som samarbeida om å løyse eit problem. Det gjorde gruppearbeidet realistisk og meiningsfullt, seier Marit Bråten, som studerer økonomi og administrasjon. 

Ho var på eit lag med fem andre studentar frå ulike studium (økonomi og administrasjon, maskiningeniør, elektroingeniør og byplanlegging), som undersøkte korleis UiS kan bli ein meir berekraftig organisasjon. Fire andre studentlag gjorde det same.  

Laget Bråten var på, fann ut at mange tilsette har konkrete miljø-utfordringar på arbeidsplassen sin. Om nokon finn løysingar på desse, kan universitetet redusere utslepp eller minska ressursbruk i kvardagen. Studentane føreslår ein nettstad som koplar tilsette sine utfordringar med studentar som vil forsøke å løyse dei.  

Kan spare vatn og energi 

Konkret fann dei sjølve ei løysing for å redusere bruken av vatn til å kjøle ein av maskinane på maskinverkstaden på Kjølv Egelands hus. Ved å sende det varme kjølevatnet frå maskinen inn på ei sløyfe for spillvarme i staden for ut i sluken, rekna dei ut at universitetet kan spare inntil 10.000 kubikkmeter vatn og minst 50.000 kilowattimar energi per år.  

Dei emneansvarlege kåra dette til den beste løysinga på kullet.  

– Den største utfordringa er korleis løysingane skal bli følgde opp. Det er mykje silotenking og ikkje klårt kven på UiS som har ansvar for å gripa fatt i og ta vidare løysinga vår. Eg håper nokon tek tak i dette, seier Asbjørn Stokka, som studerer til elektroingeniør og var på same laget som Marit.   

Utfordringsbasert læring 

Emnet Berekraft og grønn omstilling (SV100-1) går kvar haust og studentar på alle studieretningar kan søke om opptak. Emnet tek for seg alt frå klimafysikk og grøne teknologiar til miljøfilosofi og viktigheita av biologisk mangfald.  

Undervisninga bruker pedagogikken utfordringsbasert læring, som inneber at studentane jobbar i grupper for å utvikle konkrete løysingar på verkelege utfordringar.  

“Det beste kurset eg har hatt” 

I evalueringsrunden kom mellom anna desse kommentarane frå studentane som deltok: 

  • Dette er det beste kurset eg har hatt på UiS 
  • Noko av det beste var å jobba saman med studentar frå andre fag. Eg fekk nye perspektiv  
  • Kjempebra å ha nokon på laget med annan bakgrunn, som kan finne ut av ting du ikkje kan 
  • Alle studiar på UiS bør ha denne typen undervisning 

Interessert? Les meir om emnet bærekraft og grønn omstilling.