MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten:
  • Har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • Har kunnskap om litteraturhistorie og god kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
  • Har god kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert utval tekstar: munnlege, skriftlege og multimodale; fiksjon og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå fortid og samtid
  • Har god kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter
  • Har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk

Ferdigheiter
Kandidaten:
  • Kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråknormering i skriveopplæringa
  • Kan legge til rette og gjennomføre undervisning både på bokmål og nynorsk
  • Kan legge til rette for variert arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium
  • Kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med fiksjons- og sakprega tekstar frå ulike tider og perspektiv og for ulike formål, både barnelitteratur og vaksenlitteratur

Generell kompetanse
Kandidaten:
  • Har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • Kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer og grunngi fagdidaktiske val

Innhald

Samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid står sentralt. Det blir retta spesiell merksemd mot språklege endringsprosessar, i form av (nyare) språkhistorie, dialekt- og sosiolektlære og skriftspråknormering. Det blir også fokusert på språkleg variasjon i norsk som første- og andrespråk.
I arbeid med både saktekstar og skjønnlitteratur blir det lagt vekt på vidare utvikling av studentane sine kunnskapar om litterære sjangrar og korleis desse har utvikla seg over tid, frå dei tidlegaste tekstane fram til notida sine digitale uttrykk. Det blir også arbeidd med nyare litteratur som rettar seg mot barn, ungdom og vaksne.

Forkunnskapskrav

Norsk 1 må vere bestått

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Munnleg eksamen1/1 A - F
Førebudd munnleg eksamen, med individuell presentasjon på inntil 15 minutt ut frå oppgitt tema, med etterfølgande spørsmål og samtale på inntil 10 minutt. Temaet blir tildelt 1 døgn før presentasjon.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Arbeidskrav
Praksisprosjekt i gruppe der studentane ut frå avtalt tema, innlevert prosjektskisse og tilbakemelding frå faglærar og praksislærar, utviklar eit norskdidaktisk undervisningsopplegg på om lag tre timar. Opplegget skal byggje på norskfagleg relatert teori og metode. Studentane skal i etterkant gje ein 20 min. munnleg presentasjon der dei dei reflekterer rundt erfaringane med prosjektet.
Arbeidskrav må vere godkjent for å få gå opp til eksamen.

Fagperson(ar)

Studiekoordinator
Mona Østerhus
Emneansvarleg
Brit-Helen Russdal-Hamre

Arbeidsformer

Førelesingar, seminar og gruppearbeid.

Emneevaluering

Emnet har trinnmøte der to studentar er medlemmar. Det blir gjennomført tidlegdialog kvart semester og sluttevaluering i samsvar med kvalitetssystemet ved UiS.

Litteratur

Under utarbeiding og revisjon.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 18.08.2019