Om UiS

Universitetet i Stavanger har ein innovativ og internasjonal profil og er ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Samfunnsoppdraget vårt er å utfordre det velkjente, utforske det ukjente.

Strategi, leiing og organisering

Strategi og styringsdokument

Her finn du UiS sin strategi, fakulteta sine strategiar og Arkeologisk museum sin strategi. Du finn òg styringsdokument.

Kontakt oss
Postadresse

Universitetet i Stavanger, postboks 8600, 4036 Stavanger

Leveringsadresse

Kitty Kiellands hus, Rennebergstien 30, 4021 Stavanger

Fakulteta våre

Innovasjon for berekraftig omstilling

Vår felles retning skal drivas fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn.

UiS har ein Energilab for produksjon av fornybar energi frå sol og vind drifta av Future Energy Hub ved UiS. Foto: UiS / Mari Løvås

UiS skal vere eit ope universitet med høg trivsel blant våre studentar og tilsette. Grøn omstilling, energi, helse og velferd, læring for livet, eit godt lærings- og arbeidsmiljø er våre satsingsområde. I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. 

Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og fleire nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museumUiS EVU er universitetet si eining for etter- og vidareutdanning.

Grafane for forsking ved UiS har dei siste åra peika jamt oppover. Samanlikna med dei andre universiteta er vi tredje best på publisering per vitskapleg tilsett. Mange av dei eksternt finansierte forskingsaktivitetane skjer i samarbeid med forskingsinstituttet NORCE Norwegian Research Centre. Det er òg fleire senter for forsking som er etablert mellom UiS og NORCE og andre aktørar.

Innovasjonsselskapet Validé er vår reiskap for å fange opp forskingsidear som kan utviklast og brukast i samfunns- og næringsliv. Validé driv teknologioverføring, kommersialisering og inkubatorverksemd, og er lokalisert i Innovasjonspark Stavanger. Inkubator er ei oppstarthjelp for nyetablerte verksemder. UiS er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU).

Studentsamskipnaden i Stavanger og Studentorganisasjonen StOr tek seg av studentvelferd og studentane sine rettar. 

UiS ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Regionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Kulturscenen Folken er studenthuset i Stavanger sentrum.

Bli med rektor Klaus Mohn og noen av våre studenter på omvisning på campus.
Sjølv ser eg for meg eit universitet med studentar som har eit reflekterande søk mot meining og eit driv etter å gjere verda betre.