MENY
Dette er studietilbudet for studieår 2020-2021.


Eit gjennomgåande tema i emnet er utøving av sosialt arbeid utifrå intensjonen om inkludering for alle i aktivitets- og arbeidsfellesskap. Arbeidsinkludering dreier seg om heilskapleg og prosessorientert arbeid i kontaktetablering, oppfølging av avslutningsfasen i arbeid med personar med samansette behov og som ofte har eit marginalisert forhold til arbeidslivet. Sosialt arbeid dreier seg også om å arbeide førebyggande og kunne kome inn i tidleg fase når menneske opplever ekskluderingsprosessar i arbeidslivet.

Læringsutbytte

Det vert forventa at studentane etter å ha fullført emnet har følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten skal ha brei kunnskap om:
- Inkluderings- og ekskluderingsprosessar i arbeidslivet
- Brukarmedvirkning på individ- og systemnivå
- Digitalisering innan velferdstenestene
- Samarbeid med aktørar i arbeidsliv, helsevesen og utdanningssystem
- Samarbeid med familie- og nettverk i arbeidsinkluderingsprosessar
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- Analysere innhaldet og vurdere utøvinga av sosialt arbeid med sikte på arbeidsinkludering overfor grupper med ulike behov
- Analysere og reflektere over innhald og form i brukarmedvirkning på individ- og systemnivå
- Analysere og reflektere over innhaldet i og bruk av metodikkar, digitale arbeidsverktøy og kommunikasjonsformer innan ulike arbeidsplasser som arbeider med arbeidsinkludering
- Beskrive relasjonen mellom forvaltninga og aktørar i arbeidslivet for å bidra til innovasjon og betre tilrettelegging for brukarane av velferdstenestene
- Analysere innhald i og utøvinga av samarbeidsrelasjonar i dei kontekstane kursdeltakarane har erfaring frå, som for eksempel NAV
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten kunne vere i stand til å:
- Å bruke sine kunnskapar og ferdigheter til sjølvstendige og kritiske analyser
- Bidra til styrke samarbeidskompetansen i velferdstenesta gjennom synleggjering, endring og innovasjon
-Ha eit reflektert forhold til sentrale element i utøvinga av skjønn i møte med personer som trenger oppfølging og veiledning for kvalifisering og meistring med sikte på arbeidsinkludering

Innhold

Innhaldet kan beskrivast under fire hovudtema.
Det første dreier seg om sosialt arbeidsprosessar på ulike nivå slik som individ-samfunn, førebygging-rehabilitering og kontakt-, arbeids- og avslutnings- og overføringsfase.
Det andre dreier seg om profesjonelt skjønn og brukarmedvirkning på individ- og systemnivå for å bidra til arbeidsinkludering.
Det tredje dreier seg om digitalisering av velferdstenestene og drøfting av kva handlingsrom det skaper for sosialarbeidarar og brukarar.
Det fjerde dreier seg om samarbeidsrelasjonar overfor arbeidslivet, helsevesen, utdanningssystem og familie- og nettverk.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekting Varighet Karakter Hjelpemidler
Mappe1/1 A - F
Eportefolio. Studentane leverer inn ei eportefolio som består av fire oppgåver som kvar utgjer ein fjerdedel av eksamenssvaret. Studentane vil få ein samla karakter.
I løpet av kurset vil studentane arbeide med åtte oppgåver, delt inn i fire deler. Eksamen består av fire av desse oppgåvene og studentane får informasjon om kva oppgåver det dreier seg om når eksamensperioden på to veker, startar etter at undervisninga er over. Kvar oppgåve består av ca 1200 ord utanom referanseliste. Totalt leverer studenten inn ca 5000 ord. .
Konsekvensar av å ikkje bestå eksamen innan utsett eksamen:
Dersom studenten ikkje består eksamen, inneber dette at studenten må ta ny eksamen i emnet saman med etterfølgjande kull. Studenten må ta eksamen i samsvar med eventuelt ny og revidert emneomtale for emnet.

Fagperson(er)

Studiekoordinator
Aase Bø-Rygg
Emneansvarlig
Siv Oltedal

Arbeidsformer

Førelesningar, seminar, individuelle oppgåver og presentasjonar og diskusjonar i grupper. Studentane skal gjennom heile kurset arbeide med oppgåvene i eportefolien, fortrinnsvis i samarbeid med andre studentar på kurset.

Åpent for

Sosialfag - Masterstudium, Enkeltemne

Emneevaluering

For å sikre kvalitet i studieprogrammet og et godt læringsmiljø for studenter og undervisere, gjennomføres det tidligdialoger i alle emner hvert semester, samt standardisert emneevaluering minimum hvert tredje år. Evalueringen av studieprogrammet og emnene er forankret i universitetets kvalitetssystem

Litteratur


Lenke til pensumlitteratur


Dette er studietilbudet for studieår 2020-2021.

Sist oppdatert: 14.08.2020