Skip to main content

Masteroppgåva i lesevitskap LMLEMAS

Masteroppgåva er eit vitskapleg sjølvstendig arbeid og er å rekne som eit forskingsarbeid på line med annan fagleg produksjon frå humanistiske fagmiljø. Arbeidet fylgjer difor dei aksepterte konvensjonar for presentasjon, drøfting, provføring, argumentasjon, dokumentasjon, kjeldebruk, tilvisingsmåtar, litteraturforteikningar med vidare.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022

Fakta
Course code

LMLEMAS

Version

1

Credits (ECTS)

45

Semester tution start

Haust

Number of semesters

2

Exam semester

Vår, Haust

Language of instruction

Norsk

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap:

  • ha fått innsyn i korleis eit vitskapleg arbeid typisk vert gjennomført, slik at ein i arbeid med eit overkomeleg materiale kan oppnå erfaring som har overføringsverdi til andre område.

Ferdigheter:

  • vite korleis eit velforma eksempel på forsking i fagområdet nordisk og lesevitskap ser ut slik at ein i prinsippet kan gå vidare på eiga hand eller under rettleiing innafor prosjekt med tilsvarande og vidaregåande arbeid i framtida.
  • vere trygg i fagområdet slik at ein kan undervise og formidle på anna vis eller utnytte i ulike yrkessamanhengar dei kunnskapar ein har skaffa seg.
  • vere så trent i relevante arbeidsmåtar at ein kan rettleie andre, i alle høve på lågare nivå, i framtida.
  • vere språkleg trygg og kunne uttrykkje seg fritt skriftleg i båe dei offisielle norske målformene, og vere i stand til å rettleie andre språkleg.

Generell kompetanse:

  • ha fått grunnleggjande forståing av metodologiske, teoretiske og praktiske forhold som er relevante for kulturell orienteringsevne og framtidig fagleg arbeid i valde felt.
Innhald

Kandidaten vel sjølv sitt oppgåveemne i samråd med rettleiar.

Språkføringa i masteroppgåva skal vere del av vurderingsgrunnlaget. Studenten skal ha gjennomført prøving i eit emne på masternivå på ei av målformene bokmål eller nynorsk, masteroppgåva skal vere på den andre målforma.

Studenten skal i samråd med rettleiar leggje opp eit eige særpensum på 650 sider (+/- 10%) i tilknytnad til masteroppgåva. Etter at oppgåva er godkjend av eksamenskommisjonen, skal studenten halde ei førelesing i eit emne med utgangspunkt i særpensumet.

Forkunnskapkrav
Gjennomført første år av masterstudiet.
Exam
Form of assessment Weight Duration Marks Aid
Masteroppgåve og førelesning 1/1 A - F Alle

Omfanget på oppgåva skal vere 60 - 80 sider utanom tabell og vedlegg, 12 punkt Times New Roman og linjeavstand 1.5.Førelesinga skal vere på 30 minutt. Det vil kunne kome spørsmål frå eksamenskommisjonen etter forelesinga som i hovudsak skal vere relatert til prøveforelesinga. Samtalen etter forelesninga skal ikkje vare lenger enn 15 minutt.  Tema for prøveforelesinga er satt av rettleiar med utgangspunkt i særpensumet i samarbeid med eksamenskomiteen. Temaet skal gjerast kjent for studenten 14 dagar før eksamensdagen. Eksamenskommisjonen har satt karakteren på sjølve oppgåva før prøveforelesinga vert halde, men oppgjer endelig karakter etter prøveforelesinga er halden.  Førelesinga kan justere karakteren på masteroppgåva med ein karakter.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Obligatoriske krav
  • Studenten presenterer munnleg sitt masteroppgåveprosjekt for sine medstudentar. Prosjektet vert diskutert i plenum med ein vald opponent og rettleiar til stades.
  • Godkjend prosjektskisse
  • Individuell sjølvvald pensumliste (særpensum) på 650 sider (+/- 10%)

 

Unntaksvis kan studentar få fritak frå delar av seminaret for å gjennomføre feltarbeid i utlandet.

Fagperson(er)
Emneansvarleg: Gunvald Dversnes
Studiekoordinator: Signe Ekenberg
Faglærar: Ingrid Nielsen
Faglærar: Greta Brodahl
Arbeidsformer
Arbeidsseminar, rettleiing.
Åpent for
Lektorutdanning for trinn 8-13
Emneevaluering
Kvalitetssystemet på UiS omfattar studentevaluering av alle emna.
Litteratur
Pensumlisten finner du i Leganto