Hopp til hovedinnhold

Doktorgrad om korleis termokjemi og stress påverkar gjennomstrøyming i kalkstein

Emanuela Kallesten forskar på korleis ytre forhald som temperatur og trykk påverkar kalkstein i reservoar på norsk sokkel.

Publisert: Endret:

Emanuela Kallesten. Foto: Kjersti Riiber
Emanuela Kallesten. Foto: Kjersti Riiber

Kallesten har forsvart ein doktorgrad ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet. Forskinga hennar handlar om såkalla permeabilitet i kalkstein, med andre ord gjennomstrøyminga i steinen.



Tittelen på avhandlinga er Permeability evolution in chalk linked to stress and thermochemical aspects of North Sea reservoir conditions.



Kallesten var tilknytt Det nasjonale IOR-senteret som jobbar med forbetra utvinning av petroleumsressursane på norsk sokkel.



Ho disputerte 16. desember.