Helsetilbod for studentar

Helsetilbodet til Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) består bland anna av samtaleterapeuter, psykologer og ein helsesjukepleiar. Alle studentar som har betalt semesteravgift kan benytte seg av SiS sine helsetilbod.

Published Sist oppdatert
psykolog

SiS helse er eit supplement til det offentlege helsetilbodet. Dei kan også kontaktast for å halde kurs eller lage tilpassa opplegg som gjeld psykososiale spørsmål. 

I tillegg er studentpresten tilknyttet SiS og kan kontaktes for samtaler.

Les mer om tilbudet til SiS helse.

Lege og tannlege

Studentsamskipnaden i Stavanger har ikkje lege- eller tannlegetilbod. Alle som ønskjer det, skal likevel kunne få ein fast allmennlege å forholda seg til. Dei fleste som er busett i Norge har krav på fastlege. Tannlege må du i dei fleste tilfelle finne sjølv.

tannlege

Fastlege

Dersom du er ny student ved UiS, og tilflyttar, kan det hende du må bytte fastlege. Desse gruppene har rett til å stå på ei fastlegeliste:

  • Alle personar som har folkeregistrert adresse i Norge
  • Asylsøkar som har D-nummer
  • NATO-personell som har D-nummer, og deira familie

Meir informasjon om fastlegeordninga og bytte av fastlege.

Hvis du er busatt i Stavanger kommune kan du lese meir om legehjelp for deg som student på Stavanger kommunes sine nettsider.
 

Tannlege

Tannhelse Rogaland gir 75 % rabatt på behandling for dei som fyller 19-24 år i behandlingsåret. Dette gjeld alle offentlege tannklinikkar i Rogaland. Her finn du meir informasjon om ordningen, og oversikt over tannlegar. For å bruke rabatten, tar du kontakt med tannlegen du vil gå til.

25 år eller eldre?

Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) samarbeider med fem tannlegekontor. Går du til ett av disse, betaler vi 50 % av behandlingsutgiftene, inntil kr. 10.000,- per studieår per student.

Se oversikt over hvilke tannlegekontor SiS samarbeider med og få informasjon om tannlegerefusjon på SiS sine sider.

Helsesykepleier og reisevaksine

På Campus Ullandhaug finn du helsesjukepleiar, som kan hjelpe ved blant anna spørsmål om prevensjon og kjønnssjukdom. Dersom du treng reisevaksine som utvekslingsstudent, må du ta kontakt med reisemedisinsk senter ved SUS.

vaksine

Helsestasjon Campus Ullandhaug

Helsesjukepleiar i SiS helse kan hjelpe deg med:

  • Rettleiing og undersøking ved spørsmål om prevensjon, graviditet og abort
  • Testing og behandling av klamydia
  • Informasjon om andre kjønnssjukdomar
  • Resept på prevensjonsmiddel

Opningstid 

  • Måndag kl. 08.30 – 15.00 (Obs. 2. måndag i måneden: 08.30 – 11.00)
  • Tirsdag: Stengt
  • Onsdag langåpent: 09.30 – 17.00
  • Torsdag: 08.30 – 15.00
  • Fredag: 08.30 – 14.00

Stikk innom Kitty Kiellands hus på Campus Ullandhaug, eller bestill time hjå: kari.haugen@sis.uis.no.

Åpningstider Bjergsted (Fakultet for utøvende kunst)
Hver 2. mandag i mnd: 12:00 – 14:30

Tilbodet er gratis for studentar tilknytt SiS.

Meir informasjon om helsesjukepleiar og helsestasjonar på SiS sine sider.


Reisevaksine for utvekslingsstudentar

Reisevaksine vert utført av Reisemedisinsk senter ved SUS.

Finn informasjon om timebestilling, opningstider og adresse på nettsidene til senteret.

Samtaletilbod - rådgjevar/psykolog

SiS helse er eit supplement til det offentlige helsetilbodet, og behandling vert ikkje prioritert etter alvorsgrad. Dersom du har alvorlige psykiske plagar, eller behov for rask vurdering, bør du kontakte fastlegen.

Foto: Elisabeth Tønnesen

Nyttig å vite om behandlinga

SiS helse tilbyr behandling av lettare psykiske lidingar. Dei tilbyr også samtaler om korleis du kan styrke di psykiske helse, takle faglige og mellommenneskelige utfordringar og ulike livskriser. Behandlinga er av avgrensa varigheit.

Samtalebehandling er eit samarbeid mellom student og terapeut. Det vert forventa at ein møter til avtalt tid, og er innstilt på å jobba med problema også utanom timane.

SiS helse prøver så langt det er mulig å gje eit tilbod innan fire til fem veker. Ventetida kan dessverre drøye litt i enkelte periodar, på grunn av stor pågang.


Vanlege grunnar til at folk tar kontakt

  • Depresjon og tungsinn
  • Konsentrasjons- og motivasjonsvanskar
  • Sjølvmordstankar
  • Ulike angstplager (for eksempel perfeksjonisme, eksamensangst eller sosial angst)
  • Spiseproblematikk
  • Einsemd og sorg
  • Dårleg sjølvbilde
  • Overgrep

Meir informasjon om samtaletilbod finn du på SiS sine sider.