Isbjørnen frå Finnøy

Isbjørnskjelettet frå Finnøy er det mest fullstendige funn som hittil er gjort av en istids-isbjørn. Finnøybjørnen har fått eit eget rom i utstillingane på Arkeologisk museum i Stavanger.

Published Sist oppdatert

Bilde av isbjørnen utstilt på Arkeologisk museum
Isbjørnen som ble funnet i en kjeller på Finnøy i Rogaland er utstilt på Arkeologisk museum, UiS. Foto: Terje Tveit, Arkeologisk museum, UiS.

Første gong publisert 26.01.2018

Tenk deg 12.400 år tilbake i tid. Isen ligge over store deler av Noreg og Finnøy er bare to små holmar. Havet er 40 meter over dagens nivå, ein isbjørn legg på svøm og kjem aldri i land. Rundt 12.400 år senere dukkar skjelettet av isbjørnen opp under eit kjellergolv på Judaberg på Finnøy.

Isbjørnen frå Finnøy vart 28 år gamal, veide rundt 600 kilo og levde altså i Rogaland heilt mot slutten av istida. Den var truleg blant dei aller siste av sitt slag langs noregskysten.

Det flotte isbjørnskjelettet ble funnet under gulvet på et vaskerom på Finnøy i Ryfylke.

Gamle bein i ei eske

Hanne Thomsen var den gong ansett som kvartærgeolog på Arkeologisk museum i Stavanger. Ved ei tilfeldigheit fikk ho ei eske med store gamle bein i henda. Etter ein nærare titt, så Thomsen og kollega på museet at beina måtte være deler av ein isbjørn.

Det viste seg at beina ble funnen då ei kloakkledning skulle legges i eit hus på Finnøy. Dette var i 1976. Så ble beina lagt i ei eske, og dukka opp igjen seks år seinare. Museet tok kontakt med eigarane av huset, Sverre og Reidun Asheim, og dei får høre at det ligg fleire bein under golvet.

Hanne Thomsen og Rolf Lie i arbeid i 1982. Utgravingen foregikk i en kjeller på Finnøy, mellom kloakkrør. Foto: Terje Tveit, Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.

Hanne Thomsen, Asbjørn Simonsen og Per Blystad, som alle jobbar på Arkeologisk museum, får saman med zoolog Rolf Lie fra Zoologisk museum i Bergen, lov til å ta opp golvet i ekteparet sitt vaskerom. Der gjør dei eit unikt funn: Dei grov seg ned gjennom 70 centimeter med sand og silt, og i eit lag med 15 centimeter leire finn dei eit isbjørnskjelett frå istida, som nærast er komplett.

Dei finn lårbein og ribbein og rester av magesekken med oppløste selbein.

Mest komplette istids-isbjørnskjelett

Skjelettet har ligget i leire med gode bevaringsforhold, det vil si at det har vore liten tilfang av oksygen i leira.

– Da vi fant den var det bare ni andre funn av isbjørn frå istida i heile verda. Og dette er fortsatt den mest komplette isbjørnen frå så langt tilbake, fortel Hanne Thomsen.

Isbjørnen sank for 12.400 år sidan til rundt 25 meter vanndyp, og vart raskt begravd av leire. Finnøy steig seinare opp frå havet, og ein antar at isbjørnens levninger ein kort periode var ligjande i strandkanten, før stranda flytta seg vidare nedover mot dagens nivå.

Så skulle tilfeldigheitene ha det sånn at ekteparet Asheim skulle bygge hus akkurat der isbjørnen hadde funnen sin siste kvilestad. 

Ukjent dødsårsak

Då isbjørnen vart gravd ut spekulerte fagfolka på kva som kunne ha vore årsaken til at den døde. Dei trur ikkje det var sult, da det ble funnen både opptærte selbein og bein frå ulke saman med skjelettet. kva som har skjedd er foreløpig ei gåte.

Finnøybjørnen var ikkje heilt komplett og dei delane av skjelettet som mangla, vart til ei utstilling i 1985 ersatta med bein frå ein nåtids-isbjørn - utlånt frå Universitetsmuseet i Bergen. I dag er dei manglande beina kopiert i eit plastmateriale, og den andre isbjørnen er tilbake i Bergen. 

Det ferdig monterte isbjørnskjelettet målar rundt 2,3 meter og er litt over ein halv meter bredt. Ryggen ruvar meir enn ein meter over bakken. 

Ny utstilling

Ekteparet Asheim ga i 1982 skjelettet i gave til Arkeologisk museum. I 1985 lagde museet utstillinga «Isbjørnen fra Finnøy», og denne var veldig godt besøkt.

Seinare vart isbjørnen flytta til kafeområdet på museet. Der har den vært brukt i formidlinga til både barn og voksne, og isbjørnen «Finn» er ein av Arkeologisk museums mest populære objekt.

Nå flyttes isbjørnen igjen inn i utstillingen, kor den har fått ein staseleg plass, historia fortelles og linjene trekkes også fram til notida, kor isbjørnen er ein trua art.