Kroppsøving - et utviklingsaktiva for alle elever?

PROFRES-kandidat Irina Burchard Erdvik disputerer for ph.d.-graden ved Norges Idrettshøgskole 4. september 2020.

Published Sist oppdatert
Irina Buchard Erdvik portrett
Irina Burchard Erdvik disputerer for ph.d.-graden ved Norges Idrettshøgskole 4. september 2020.

4. september 2020 disputerer Irina Burchard Erdvik for doktorgraden sin på NIH, med avhandlinga
«Physical Education as a developmental asset in the everyday life of adolescents.” I undersøkinga si har ho spurt om lag 3.000 unge i ungdoms- og vidaregåande skule om sjølvkjensla deira, om idrettsdeltaking på fritida, om korleis dei opplever kroppsøvinga og om kjensla av sjølvbestemming, meistring og tilhøyring i faget.

Ungdom får ikkje den undervisinga dei har krav på i kroppsøving. Undervisinga styrast av ein idrettslogikk som mest gagnar dei idretts-flinke. Resten av ungdomane blir lett hengjande etter, hevder Erdvik.

– Trist, sidan det ofte er dei minst idrettsflinke som treng dette mest, seier Irina Burchard Erdvik. Ho har forska på korleis undervisninga i kroppsøving faktisk fungerer – og korleis ungdom sjølv opplever ho. 4. september forsvarer ho ein doktorgrad om emnet ved Noregs idrettshøgskole (NIH).

Irina Burchard Erdvik er doktorgradsstipendiat ved Fakultet for helse- og sosialvitskap på Høgskolen i Innlandet, men tar doktorgraden sin ved NIH.

– Praksisen bryt med både læreplanen og opplæringslova.

Erdvik meiner dette ikkje berre tyder at ein forskjellsbehandlar unge med ulike grunnlag, ein bryt også med både læreplanen og opplæringslova.

– Lova seier at alle har rett til tilpassa opplæring. Men mykje tyder på at dei ikkje får det i dag, slår ho fast.

Erdvik meiner dette er problematisk.

– Det er ei utfordring om dei som treng kroppsøvingsfaget mest, dei som har den dårlegaste sjølvkjensla, dei som ikkje er så trygge eller som manglar erfaring frå idrett og fysisk aktivitet, får oppleve at dei ikkje meistrar og ikkje høyrer heime. Dei får dårlege føresetnader for å lukkast. Dette er både ei stor pedagogisk utfordring og ei folkehelseproblem. 

Les mer på nettsidene til Norges Idrettshøgskole.