Forskningsteori og metode (BSS120)

Produksjon av kunnskap, i arbeid og fritid, som i forsking, gjer seg nytte av særskilte tenkemåtar og prosedyrar. Forskingsmetode er ei fellesnemning for framgangsmåtar vi nyttar i arbeidet med å få kjennskap til det ukjente - og for å stille spørsmål ved etablert kunnskap. Emnet gir ei innføring i metoderetningar som set oss i stand til å skjøne meir av innhaldet i og meininga ved sosiale hendingar og fenomen, altså kvalitative metoder. Herunder reknar vi ofte intervju, observasjon og feltarbeid, samt tekstanalyser.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2022-2023

Fakta

Emnekode

BSS120

Versjon

1

Vekting (Sp)

10

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

I samtale med radiojournalisten fortel nokre jenter på tolv år: "Når gutane vil vise oss at dei likar oss spesielt godt, tek dei ranslane våre frå oss, og så tømer dei alt innhaldet utover fortauet." Å tolke observasjonar er eit vesentleg tema kvalitative metodar. Emnet drøftar korleis forskarar og fag i samspel med informantar og samfunn søkjer etter meiningsdimensjonen ved menneskelege handlingar. Jentene i radioen gav reportaren god hjelp til å flytte observasjonen frå kategorien ´mobbing´ til kategorien ´flørt´.

I daglegliv - i jobb og fritid - og i forsking, har vi bruk for å vite korleis vi skal vinne både betre forståing av innhaldet i sosiale fenomen, og tryggare kunnskap om kor viktige fenomena er. Emnet handlar om ulike måtar å gå fram på for å få slik forståelse og kunnskap.

Berre få av dei som studerer emnet kvalitativ metode, kjem til å ha forsking som yrke. Såleis skal kurset gi både grunnlagsperspektiv og eit utval bruksretta kvalitative metodar til nytte også i eit kunnskapsbasert arbeidsliv, og for den enkelte som skal skjøne sin plass og funksjon i familie, arbeidsliv og på fritid.

Gjennom lesing av pensum, deltaking i forelesingar og gruppearbeid skal studentane vinne kunnskap om kvalitativ forskning. Ved å kople aktuelle utfordringar til relevant faglitteratur, skal dei evne å formulere forskingsretta problemstillingar, og ikkje minst korleis problemstilling styrer metodeval. Dei skal kjenne aktuelle bruksmåtar av ulike kvalitative metodereiskapar ved innsamling, analyse og tolking av empirisk kvalitativt materiale (intervjuer, observasjoner, dokumenter). Deltakarane vil få eit bruksretta forhold til grunnleggande omgrep innan kvalitativ metode, gjere velgrunna metodeval, formulere kritiske vurderingar av kjelder, data og analysar. Ved kjennskap til forskingsetiske verdiar og retningsliner skal studentane vere budde på å handtere etiske utfordringar i  forskarfellesskapet og i samspelet mellom forskar, informant og det allmenne samfunnet.

Kurset startar med ei innføring i korleis problemstillinga alltid styrer metodeval (ikkje omvend). Så vil BSS120 handle om kvalitative metoder, før studentene lærer om kvantitative metoder i BST290.

Læringsutbytte

Ved fullført emne ventar vi at studentane skal ha følgande kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap om

  • Vitskaplege krav til kvalitativ forskning, til produksjon av kunnskap og formidling av slik innsikt
  • Det indre samspelet mellom tema / problemstilling, forskingsspørsmål, metodeverktøy og formidlingsmåte
  • Ulike metodologiske posisjonar og kvalitative metodetradisjonar
  • Det usikre og fleirtydige ved forskingsprodusert viten
  • Gjeldande forskingsetiske normer for forskarens møte med samfunnet, informantar og kollegaer
  • Samfunnsansvaret som kviler på dei som rår over forskingsbasert kunnskap

Ferdigheiter

  • Kunne utvikle tema, problemstillingar og spørsmål om sosiale fenomen til operative opplegg for kvalitativ forsking
  • Kunne lese og vurdere kvalitative fagtekstar på innsiktsfull måte
  • Vurdere gode og svake sider ved kvalitative studier

Generell kompetanse

  • Studenten skal ha nødvendig kompetanse til å kunne planlegge og gjennomføre enkle forskingsprosjekt som nytter kvalitative metoder. Under her hører nødvendig kompetanse for å samle inn og analysere kvalitative data.

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg skuleksamen 1/1 5 Timar Bokstavkarakterar Inga hjelpemiddel tillate

Eksamenoppgavene vil være forankret i pensum. I tillegg aksepteres det at studentene bruker resonnement og eksempler fra forelesninger for å svare på eksamensspørsmålene.Studentene kan velge å svare på eksamensspørsmålene på enten norsk eller engelsk.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Dian Liu

Arbeidsformar

Undervisninga i emnet er forelesingar, supplert med gruppearbeid. Emnet føreset sjølvstendig arbeid, der studentane deltek i undervisninga, les pensum og jobbar med skriftlege oppgåver.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Samfunnsvitenskaplig metode med EDB-øvingar (ØK0284_1) 10
Samfunnsvitskapleg tenking og metode (BSP120_1) 10
Forskingsteori og metode (BKK220_1) 10

Åpent for

Sosiologi - bachelorstudium Statsvitskap - bachelorstudium Sosiologi - årsstudium

Emneevaluering

Studentevaluering finn stad i samsvar med gjeldande praksis på fakultetet.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto