Materiell kultur (BSS298)

Emnet handlar om forholdet mellom den materielle verda og sosiale forhold. Den materielle verda påverkar og er integrert i sosial liv, relasjonar og prosessar, og den sosiale verda legg premiss for og er tett samanvevd med sine materielle vilkår.

Den materielle verda er dei fysiske strukturane som omgir oss, omgjevnadar og objekt vi lever i og med. Vi bruker og kastar objekt, handlar med objekt, forstår oss sjølve i relasjon til objekt, og formidlar oss sjølv gjennom materielle objekt. Som menneske er vi djupt forankra i den materielle verda, vi både styrer og vert styrt av ting, i eit komplekst samspel.

Emnet gir ei innføring i grunnleggjande perspektiv og teoriar knytt til materiell kultur. 


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2022-2023

Fakta

Emnekode

BSS298

Versjon

1

Vekting (Sp)

10

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Ei sentral problemstilling i emnet er korleis materielle objekt og omgjevnadar verkar inn på relasjonar mellom menneske og omvendt. Meiningsinnhaldet til den materielle verda er ikkje gitt på førehand, men må studerast og analyserast i relasjon til historiske, kulturelle og strukturelle dimensjonar. Emnet er i stor grad temastyrt, og tema som vert tatt opp er mellom anna arkitektur, heim, kunst, landskap og avfall. Gjennom desse analyserer emnet meir overordna tema som kulturelle skiljelinje, makt, globalisering, velstandsvekst og gentrifisering. Dei teoretiske perspektiva i kurset er henta frå mellom anna Caroline Knowles, Daniel Miller, Bruno Latour og Diana Coole & Samantha Frost.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Etter fullført emne vert det forventa at studenten har erverva seg kunnskap om

  • sosiologiske og tverrfaglege perspektiv på materiell kultur
  • ny-materielle perspektiv
  • relasjonar og påverknad mellom den materielle verda og sosiale forhold

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne

  • bruka omgrep og teoriar om materiell kultur
  • bruka perspektiv om forholdet mellom den materielle og den sosiale verda i kulturelle og samfunnsvitskaplege analysar
  • gjera seg nytte av omgrepa og teoriane frå emnet i samfunnsdebattar og faglege diskusjonar

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten

  • ha lært seg å retta seg aktivt og sjølvstendig til fagstoffet og ha utvikla sine evner til kritisk lesing, refleksjon og analyse
  • ha øvd seg på analytisk tenkemåte (identifisera problem/faglege spørsmål, innhenta informasjon/data, analysera, presentera)

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen 1/1 3 Dagar Bokstavkarakterar Alle

Fagperson(er)

Arbeidsformar

Det krevst at studentane arbeider sjølvstendig med faget. For å oppnå forventa læringsutbyte må studentane delta aktivt i den organiserte undervisninga, jobba med gruppeoppgåver og lesa pensum grundig.

Den organiserte undervisninga består av forelesingar i vårsemesteret. Det vil bli lagt til rette for sjølvorganisert gruppearbeid.

Blant gjesteforelesarar på emnet våren 2023 er Caroline Knowles, Even Smith Wergeland og Ragnhild Sjurseike. 

Emneevaluering

Studentevaluering av emnet vil bli gjennomført i høve til SV-fakultetet sitt evalueringssystem.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto