Helsetilbudet i SiS ivaretas av samtaleterapeuter og psykologer og en helsesykepleier. Alle studenter som har betalt semesteravgift kan benytte seg av SiS sine helsetilbud.

SiS helse tilbyr økonomiske støtteordninger ved store helseutgifter og gir informasjon om valg av fastlege. De kan også kontaktes for å holde kurs eller lage tilpassede opplegg vedrørende psykososiale spørsmål.
I tillegg er studentpresten tilknyttet SiS og kan kontaktes for samtaler.
Lege og tannlege
Studentsamskipnaden i Stavanger har ikkje lege- eller tannlegetilbod. Alle som ønskjer det, skal likevel kunne få ein fast allmennlege å forholda seg til. Dei fleste som er busett i Norge har krav på fastlege. Tannlege må du i dei fleste tilfelle finne sjølv.

Fastlege
Dersom du er ny student ved UiS, og tilflyttar, kan det hende du må bytte fastlege. Desse gruppene har rett til å stå på ei fastlegeliste:
- Alle personar som har folkeregistrert adresse i Norge
- Asylsøkar som har D-nummer
- NATO-personell som har D-nummer, og deira familie
Meir informasjon om fastlegeordninga og bytte av fastlege.
Tannlege
Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlige tannhelsetenesta. 19- og 20-åringer får tilbod om behandling til 25 % av offentlige takster. Meir informasjon om tannhelsetenesta hjå Rogaland fylkeskommune.
Eldre studentar har ikkje rett på behandling hjå offentleg tannlege. På Tannlegerinorge.no finn du oversikt over landets tannleger, spesialister innan tannhelse og tannlegevakt i ditt fylke. Sjå også tannpleier.no
Refusjon av utgifter til tannlege gjennom SiS
SiS samarbeider med fem tannlegekontor. Går du til eit av disse, betalar SiS opptil 50 prosent av behandlingsutgiftane, inntil kr. 10.000,- per studieår per student. Les meir om tannlegerefusjon på SiS sine sider.
Helsesøster og reisevaksine
På Campus Ullandhaug finn du helsesøster, som kan hjelpe ved blant anna spørsmål om prevensjon og kjønnssjukdom. Dersom du treng reisevaksine som utvekslingsstudent, må du ta kontakt med reisemedisinsk senter ved SUS.

Helsestasjon Campus Ullandhaug
Helsesøster i SiS helse kan hjelpe deg med:
- Rettleiing og undersøking ved spørsmål om prevensjon, graviditet og abort
- Testing og behandling av klamydia
- Informasjon om andre kjønnssjukdomar
- Resept på prevensjonsmiddel
Opningstid
- Måndag kl. 08.00 – 15.00 (Obs. 2.måndag i måneden: 08.00 – 11.00)
- Tirsdag: Stengt
- Onsdag: 10.30 – 18.00
- Torsdag: 08.00 – 15.00
- Fredag: 08.00 – 14.00
Tilbodet er gratis for studentar tilknytt SiS.
Stikk innom Kitty Kiellands hus på Campus Ullandhaug, eller bestill time hjå: kari.haugen@sis.uis.no.
Reisevaksine for utvekslingsstudentar
Reisevaksine vert utført av Reisemedisinsk senter ved SUS.
Opningstid: 08.00 – 16.00. Onsdag 08.00 – 20.00
E-post: reisemedisin@sus.no
Besøksadresse: Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4011 Stavanger
Meir informasjon om helsesøster, helsestasjonar og reisevaksine på SiS sine sider.
Samtaletilbod - rådgjevar/psykolog
SiS helse er eit supplement til det offentlige helsetilbodet, og behandling vert ikkje prioritert etter alvorsgrad. Dersom du har alvorlige psykiske plagar, eller behov for rask vurdering, bør du kontakte fastlegen.

Nyttig å vite om behandlinga
SiS helse tilbyr behandling av lettare psykiske lidingar. Dei tilbyr også samtaler om korleis du kan styrke di psykiske helse, takle faglige og mellommenneskelige utfordringar og ulike livskriser. Behandlinga er av avgrensa varigheit.
Samtalebehandling er eit samarbeid mellom student og terapeut. Det vert forventa at ein møter til avtalt tid, og er innstilt på å jobba med problema også utanom timane.
SiS helse prøver så langt det er mulig å gje eit tilbod innan fire til fem veker. Ventetida kan dessverre drøye litt i enkelte periodar, på grunn av stor pågang.
Vanlege grunnar til at folk tar kontakt
- Depresjon og tungsinn
- Konsentrasjons- og motivasjonsvanskar
- Sjølvmordstankar
- Ulike angstplager (for eksempel perfeksjonisme, eksamensangst eller sosial angst)
- Spiseproblematikk
- Einsemd og sorg
- Dårleg sjølvbilde
- Overgrep
Meir informasjon om samtaletilbod finn du på SiS sine sider.