Arkeologisk museum, UiS, har nyleg fått tildelt heile 20 millionar kroner frå Forskingsrådet til to store forskingsprosjekt. - Det vert eit stort løft for museet si forsking, seier ein stolt museumsdirektør Ole Madsen.
Artikkelen vart fyste gong publisert 19.12.2019
Det er to prosjekt på Arkeologisk museum, UiS, som har fått tildelt midlar frå Forskingsrådet no før jul. Det er fysste gong Arkeologisk museum har fått tildelt slike midlar, og stemninga på museet er sers god.
Det er arkeolog Astrid Johanne Nyland og arkeologisk konservator Hege Ingjer Hollund som er prosjektleiar og har skrive søknaden til dei to prosjekta AM no har fått støtte til.
Arkeologisk museum har dei siste åra satsa på forsking, og både Hollund og Nyland har hatt eit år kor dei har hatt moglegheit til berre å jobbe med eiga forsking og søknadsskriving.
- Dette er ei bevisst satsing frå museet, og det visar seg at det gav god utteljing. Vi har dyktige tilsette som står på. Det gjev resultat, konstaterer museumsdirektør Ole Madsen.
Mellomalderforsking
Hege Hollund leiar prosjektet “Future preservation of past life: A multidisciplinary investigation into preservation of ancient biological remains from medieval cemeteries”.
Dette er eit prosjekt som tek føre seg biologiske leivningar som kan fortelje om livet i mellomalderen – og som skal sjå nærare på mellomalderskjelett og graver i Rogaland. Museet har mykje materiale i magasina sine, og Hollund og hennar forskargruppe ynskjer og å ha ei forskingsgraving i og ved Domkyrkja i Stavanger.
- Vi er i dialog med Riksantikvaren om å få løyve til ei slik graving, seier Hollund.
Det har ikkje vore gjort arkeologiske utgravingar i Stavanger Domkyrkje sidan 60-talet.
Hovudvekta i prosjektet er forsking på bevaring, korleis vi best kan ta vare på materiale frå mellomalderen for framtida. Og undervegs i dette arbeidet vil forskarane få fram mykje informasjon om korleis livet var i mellomalderen i Stavanger og områda rundt.
Storeggatsunamien
Astrid Johanne Nyland sitt prosjekt dreier seg om Storeggatsunamien som fann sted 6150 f.kr. Forskingsprosjektet har tittelen "The Storegga tsunami c. 6150 BC - a wave of destruction or transformative disruption for a prehistoric society?"
Ein stor tsunami fløymde langt inn over land og over busetnader på nordvestlandet i eldre steinalder. Prosjektet dreiar seg om korleis samfunn handterer kriser, noko som og er samfunnsrelevant i dag,da vi står ovenfor ein situasjon kor det kan bli store endringar i havnivå.
Prosjektet handler og om korleis steinaldermenneskas relasjon til havet kan ha forandra seg etter tsunamien.
Kan ein gjennom å spore endringar eller kontinuitet i et arkeologisk materiale seie noko om kva dei umiddelbare og kva langtidsverknadene av Storeggatsunamien var? Korleis plukker ein opp liva sine att etter ei så katastrofal hending? Kva skjer med kunnskapsoverføring, samfunnstruktur, religiøsitet?
Dette er eit internasjonalt prosjekt, med forskarar frå både Norge, Storbritannia, Irland og Danmark. Nyland har blant anna tatt med ein antropolog inn i prosjektet, som har jobbet med en fiskerlandsby som vart råka etter 2004-tsunamien i Sørøstasia.
106 millionar til UiS
Begge prosjekta til Arkeologisk museum, UiS er såkalla Fripro-prosjekt. Dette er prosjekt som er initiert av forskarane sjølve – fri, grunnleggjande forsking som er viktig for vitskapleg fornying. Fripro-prosjekta skal fremje dristig og nyskapande forsking med høg vitskapleg kvalitet.
Totalt fikk Universitetet i Stavanger tilslag på heile 10 forskingsprosjekt og 106 millionar kroner då Forskingsrådet fordelte pengar frå tidenes største pott til forsking. I tillegg til arkeologi, fikk både helse og klimarisiko tildelt midlar.
Fakta
Det er prosjekta Arkeologisk museum, UiS har fått NFR-midlar til.
The Storegga tsunami c. 6150 BC - a wave of destruction or transformative disruption for a prehistoric society?
NFR-program: Humaniora og samfunnsvitskap (FRIPRO)
Prosjektleiar: Astrid Johanne Nyland, Avd. fornminner, Arkeologisk museum.
Future preservation of past life: A multidisciplinary investigation into preservation of ancient biological remains from medieval cemeteries
NFR-program: Unge forskartalent, Humaniora og samfunnsvitskap (FRIPRO)
Prosjektleiar: Hege Ingjerd Hollund, Avd. konservering, Arkeologisk museum