Kalde bygningar til påske

UiS må stenge av varmen i mange bygg på campus Ullandhaug frå klokka 17.00 torsdag 21. mars.

Published Sist oppdatert

To personer går på gangvei mellom tre campusbygninger
Det kan bli kjølig medan bygningane på campus Ullandhaug får nytt varmesystem.

Årsaka er at den nye energisentralen skal koplast til eksisterande infrastruktur på campus. Dagens gassfyrte og elektriske kjelar blir då erstatta med geotermisk energi frå 119 jordvarme-brønnar som har blitt bora rundt om på campus. 

For å få til denne oppkoplinga, må først dagens anlegg for varme og kjøling stengast ned. Dette råkar dei fleste hus på campus. Temperaturen innomhus skal etter planen vere tilbake til normal første arbeidsdag etter påske.  

Tidspunktet er valt fordi mange tilsette og studentar kjem til å vere på ferie i denne tida. Ein del vil uansett ha behov for å jobba eller studera. Her er informasjon for dei det gjeld: 

Varme soner 

Universitetsbiblioteket blir råka, men leiger inn eigne omnar for å prøve å halde varmen gjennom påska for studentar og andre gjestar.  

Det er eit stort lokale og det er ikkje sikkert temperaturen blir optimal. Biblioteket vil derfor også tilby pledd som kan brukast ved behov.  

Bygg med andre varmekjelder vil ikkje bli råka. Det gjeld spesifikt: 

  • Delar av den eldste bygningen på Hulda Garborgs hus  
  • Hagbard Line hus (unnateke K-fløy) 
  • Alle paviljongar  
  • Kontora til Lesesenteret og HV/avd. folkehelse i OD/Ptil-bygget 
  • Bygga i IPARK (Arkivenes hus, i2, i3, i6, i7 og i8) 

Open campus i påska

Sjølv om det kan bli kaldt, blir ingen bygningar stengde. UiS følgjer vanlege opningstider.

Universitetsbiblioteket vil vera døgnope for studentar og tilsette som vanleg. Besøkande kan få hjelp og rettleiing som normalt i betent opningstid, som i påska er: Måndag og tysdag: kl. 10-14. Onsdag: kl. 10-12. På laurdagane i påska vil biblioteket vera betjent som normalt frå kl. 9 til 15.