Hopp til hovedinnhold

Besøk Jernaldergården på Ullandhaug

Besøk Jernaldergården på Ullandhaug og opplev livet i eldre jernalder. Sitt rundt ildstedet og hør historier fra hverdagen for 1500 år siden. Som det eneste i sitt slag i Norge er gården gjenreist på restene etter en bondegård fra folkevandringstiden, ca 350 - 550 e.Kr.

Publisert: Endret:

Friluftsmuseum med fantastisk utsikt over Hafrsfjord.

Fakta
Åpningstider

Lørdag 11 - 15 Søndag 11 - 16

Adresse

Madlamarkveien 152, Stavanger

Kontakt

Telefon: 51 83 23 40 Epost: jernaldergarden@uis.no

Grupper

Jernaldergården er åpen for bestilte grupper hver dag hele året. Kontakt am-booking@uis.no

Et besøk på Jernaldergården er spennende for hele familien.

En dag i jernalderen

Aktiviteter for hele familien

Jernaldergården på Ullandhaug er et levende friluftsmuseum som er åpent hele året. I langhusene brenner ilden på ildstedene. Det gir en underlig følelse å sitte slik og vite at akkurat her rundt dette ildstedet satt en familie for 1500 år siden!

Jernaldergården er populær blant barnefamilier. Foto: Elisabeth Tønnessen, Arkeologisk museum, UiS.

Jernaldergården på Ullandhaug er et rekonstruert gårdsanlegg fra folkevandringstiden, ca 350 – 550 e.Kr. Gården ligger på toppen av Ullandhaug, ca. 3 km fra Stavanger sentrum, med praktfullt utsyn over Nord-Jæren og Hafrsfjord. Som det eneste i sitt slag i Norge, er gården gjenreist på restene etter en bondegård fra folkevandringstiden. De tre husene er innredet med utstyr og husgeråd, og det brenner levende ild på de opprinnelige ildstedene.

På gården blir du møtt av husfruen og gardens folk. Som gjest kan du møte husfrua, husbonden, skalden eller bli spådd i runer av en volve! Det er omvisninger og aktiviteter for familien.

Funn og utstillingar

Sjå gjenstandar funne på garden

I Jernaldergårdens besøkssenter kan du sjå gjenstandar funne på garden, og lære meir om utgravinga på 1960-tallet.

Besøkssenteret på Jernaldergården stod ferdig i 2018, og husar både kafé og fleire utstillinger. Foto: Anne Lise Norheim, Arkeologisk museum, UiS.

I besøkssenteret er det også to utstillingar. I den eine kan du sjå og lære meir om kva arkeologiske funn som er gjort på garden. Garden består av tre hus.

Gjenstandsmaterialet frå dei utgravne husa på Jernaldergården skil seg ikkje mykje frå det ein finn på andre garder frå same tid. Keramikk er den absolutt vanlegaste funngruppa, med i alt over 2500 skår av store og små kar. Med unnatak av trekol, brent never (frå taka), nokre få brende bein og brende hasselnøtteskal er det ikkje bevart noko organisk materiale.  

I Hus 1 grov ein fram kokstein i store mengder, leirkarskar, ein jernkniv, brynestein, beslag og spiker av jern. Alle dei seks eldstadane ligg i den nedre halvdelen av huset. Her låg store mengder kokstein  langs veggane, eit teikn på at det ofte har blitt laga mat her. Huset kan ha vore ein festhall som var i bruk ved særskilde høve. 

Sidan ein fann svært få gjenstandar i øvre delen av huset, samstundes med at det ikkje var eldstadar der, gjer at ein meiner at rommet kan ha vore brukt som lager for dyrefôr og reiskapar. Det kan òg ha vore fjøs for sauer, grisar og høner. 

I Hus 2 blei det funne leirkar, eit fiskesøkke av stein, delar av ein smeltedigel, dreiekverner, eldslagingsflint og brende bein. Til skilnad  frå dei to andre husa, har dette huset berre eitt rom, ein eldstad og ei inngangsdør. Funna tyder på at huset har romma fleire aktivitetar og funksjonar. Det kan ha vore eit bustadhus, kan hende eit kårhus. Det kan òg ha vore ein stad der kornet ble tørka og oppbevart. 

I Hus 3 fann ein leirkarskår, delar av vevtyngder, glasperler, spinnehjul, ildslagingsflint, knusestein, slipehelle, dreiekvern, naglar og spiker av jern. Huset, som er det lengste på garden, er det huset med flest eldstadar og rom. Øvre delen har vore fjøs. Døropninga fører ut i ei innhegning, som igjen fører ut i ei fegate eller geil som leia kyrne direkte frå fjøsen og ut i marka. Dei to midtre romma var bustadrom. Funna syner at her laga ein mat, spant og vov. 

Kartleggjing og utrgaving

Gardsanlegget vart omtala og kartlagt i 1900 av konservator Tor Helliesen ved Stavanger Museum, som eit ledd i den systematiske innsamlinga hans av opplysingar om fornminne på Nord-Jæren. 

Det er takk vere Helliesen sitt nitide arbeid at vi i dag har eit så komplett bilete av gardsanlegget på Ullandhaug, sidan ein god del fornminne på garden seinare diverre har vorte fjerna. 
 
I 1967−68 vart gardsanlegget arkeologisk og naturfagleg undersøkt under leiing av arkeologen Bjørn Myhre. Det var det største utgravingsprosjektet som fram til då var gjennomført i Rogaland. Inne i husa vart det funne eldstadar, spor etter skiljeveggar og gjenstandar etter dei som hadde budd i husa. 

Kong Olav V opna offisielt Jernaldergården på Ullandhaug i 1972, som eit ledd i markeringa av 1100-årsminnet for slaget i Hafrsfjord. 

Jernaldergårdens historie

Jernalderen - samfunn i utvikling

Jernaldergården ligg på toppen av Ullandhaug med praktfullt utsyn over Nord-Jæren og Hafrsfjord. Her budde folk for over 1500 år siden, i ei tid kor landbruk, håndverk og infrastruktur var i rivande utvikling.

Husa på Jernaldergården er bygd opp på dei originale hustuftene fra folkevandringstida. Foto: Annette Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS.

Folkevandringstid

Folkevandringstida er nemninga på ein periode i jernalderen og strekker seg frå ca. år 350 til 550 e.Kr.  Som namnet vitnar om, var folkevandringstida ei tid med folkeflyttingar og krig. Samstundes var landbruk, handverk og infrastrukturen i samfunnet i sterk utvikling. Gardar vart bygde alle stadar der ein kunne skape eit utkome, og store havgåande skip gjorde det mogeleg å halde trygg kontakt over Skagerak til Danmark. 
 
Det er særleg hunarane og gotarane sine vandringar på det europeiske kontinentet frå 300-talet og utover som har gjeve namnet til perioden. Noreg, som Skandinavia elles, opplevde ikkje slike store vandringar på denne tida, men dei mange bygdeborgene og nedgravne gullfunna i Rogaland tyder på ufred også her. Dei mange rike gravfunna på Jæren, og det at folkegruppa ryger er nemnd i kjelder på 500-talet, kan tyde på at Rogaland var politisk samla under ein leiar på denne tida. 

Husa på garden

Alle husa hadde jordgolv og var elles bygde av tre med ytre murar av stein som verna mot væte og vind. På taket var det truleg grastorv. 
Taket vart bore av to parallelle rader stolpar som sto inne i husa. To og to stolpar var bundne saman med ein tverrbjelke slik at dei danna ei grind. Grindbygde hus har vore i bruk i Rogaland heilt opp til våre dagar. 
Inne i husa blei det funne eldstadar, spor etter skiljeveggar, matrestar og gjenstandar som var mista eller kasta av dei som budde der. 

På grunnlag av dette kan me seie noko om korleis husa vart brukte. Det nordvestre huset (Hus1) har vore delt opp i minst to rom. Det øvste rommet var truleg eit sauefjøs eller eit lagerrom. I det nedste rommet vart det funne restar etter matlaging. Denne delen av huset vert tolka som ein festhall som berre vart nytta ved særlege høve. Det minste huset (Hus 2) har vore eit vanleg bustadhus der ein laga mat, arbeidde med småhandverk og kan hende reparerte reiskapar. Her kan ei eiga gruppe på garden, til dømes ungfolket eller dei gamle, ha budd. 

Det lengste huset (Hus 3) har hatt fjøs i den øvste delen. Resten av huset ser ut til å ha vore delt inn i fleire rom. Rommet nærast fjøset har for det meste vore brukt til matlaging og var kan hende kjøken og bryggarhus. Det neste rommet blei òg brukt til matlaging, men her har ein dessutan arbeidd med tekstilar, metallarbeid og anna handverk. Det nedste rommet i Hus 3 har truleg vore brukt som lagerrom. Heilt i enden − på den sørlege kortveggen − var det eit tilbygg som kan ha vore reiskapsskjul eller vedbu. Dette motsvarer skuten som vi finn på jærhusa i seinare tid. 

Kva vart dyrka på Jernaldergården?

På innmarka dyrka dei bygg, havre og truleg nepe. I tillegg åt ein viltveksande planter, som til dømes hønsegras, vindelslirekne, meldestokk og vassarve. Lin blei òg dyrka på denne tida, trulig både på grunn av dei næringsrike frøa og som råmateriale til framstilling av tekstilar. 

Jorda vart dyrka ved hjelp av ard, spade, greip, hakke og harv. Arden er ein spinkel og lett plogtype utan veltefjøl som berre lager furer i jorda. Grøda vart hausta ved hjelp av sigd, ljå, lauvkniv, greip og rive. Ingen av desse reiskapane har endra seg særleg sidan jernalderen. På garden laga ein leirkar, tekstilar, bronsesmykke og reiskapar av tre og jern. Dei dreiv òg med steinarbeid som til dømes kvernsteinproduksjon. 

Lite skog

For 1500 år sidan var det omtrent like lite skog på Jæren som i dag. Folk på Ullandhaug måtte difor dra langt for å hente tømmer eller drive jakt. Då låg sjøen tettare på, med Hafrsfjord som næraste hamn. Fiskesøkke funne i golvet på Jernaldergården vitnar om at fisk må ha vore ein ressurs. 

Garden brenn!

På midten av 500-talet brann garden ned og vart forlaten. Årsaka kan vi berre gjette oss til.  

Ein spydspiss som vart funnen ved eit av husa, ymtar om krigstilstandar. Menneska kan ha vorte drepne før husa blei sette i brann. Ei anna årsak kan vere at menneska på Ullandhaug omkom i ein epidemi. Byllepest herja i Europa på denne tida. Garden kan ha vorte brunnen i eit forsøk på å drepe smitta. 

Menneske og dyr på garden

Husfrua hadde kontrollen

Storgarden var i folkevandringstida sjølve kjernen i samfunnet. Husfrua styrte sin del av det store hushaldet på garden.

Det var husfrua som hadde kontroll og oversikt på storgårdene i Jernalderen. Foto: Arkeologisk museum, UiS.

Menneska i folkevandringstida såg ut som vi gjer i dag. Dei var omtrent like høge som dagens menneske, noko som betyr at kosthaldet var riktig samansett. Dei var likevel ofte plaga av leddgikt og slitasjesjukdomar. 
Farlege, smittsame sjukdomar som tuberkulose og byllepest herja nok like ille som i seinare periodar. Talet på born som døydde og gjennomsnittleg levealder ser ut til å ha vore omtrent den same som for 150 år sidan. Få menneske blei meir enn 60 år gamle. 

10 - 12 menneske budde på garden

På Ullandhaug reknar vi med at det har budd 10−12 menneske. Dersom dette var gjennomsnittet for gardane i jernalderen, får vi ei folkemengd på Flat-Jæren på 3−4000 menneske. Dette svarer til folketalet på 1700-talet. Folk bar klede vovne av ull og Iin, og nesle- eller hampetøy. Garnet var som oftast farga med planter før det vart vevd. Tekstilhandverket var høgt utvikla. Over dei vovne kleda bar dei ofte slag eller kapper av ulltøy, lær eller pels. På føtene hadde dei mjuke sko. Nokre gjekk nok òg barbeinte. 

Husfrua hadde kontroll på nøklene

Husfrua organiserte òg alle dei store måltida. Her måtte alt vere riktig − det gjaldt om slekta si ære. Gudane styrte over grøderikdomen og slekta sin lagnad, og måltida ved dei religiøse festane måtte gjennomførast slik at gudane vart nøgde. Måten husfrua bar rundt drikkebegeret understreka dei sosiale normene ved måltidet. Den med høgaste rang fekk begeret fyrst. 

Relieffspenner er praktfulle smykke i forgylt sølv eller bronse, og dei er dekorerte med dyreornamentikk. Det er ei skandinavisk uttrykksform som begynner på desse spennene på 400-talet, og som ein finn att i stavkyrkeportalane 800 år seinare.  
Nyklane til garden var det og husfrua som hadde. Nyklane av bronse har større symbolverdi enn praktisk verdi.Dei var ein del av brudeutstyret. Ved bryllaupet gjekk kvinna inn i rolla som husfrue. Kjeldene fortel at råderetten over nyklane var eit kriterium for eit rettsgyldig ekteskap – og mannen vart bøtelagd dersom han forgreip seg på hustrua sine nyklar. Nyklane symboliserte, og ga husfrua ansvar for, alt som kunne låsast i kister og skrin. Dei har òg vore eit symbol på og gitt husfruerolla reell makt. 

Det var og kvinnene som hadde kontroll på alle ledda i tekstilproduksjonen, frå ull til ferdig plagg.

Dyrehald

Vi vet ikkje kva slags dyr dei hadde på Ullandhaug, sidan det ikkje er funne beinrestar på garden. Men vi veit at desse dyra fanst på den tida: Storferasen var mindre enn den vi har i dag, og det var både ein raud-kvit og ein grå rase. Sauene likna spælsauen, ein liten rase med lang og glatthåra ull. Hestane var som islandsponniane; små og med eit eige ganglag (tølting). 
Grisane var av villsvintypen, svarte, stribusta og med store hoggtenner. Desse kunne vere farlege! Hønene var små og spraglete. Hundane var for det meste av to rasar; ein elghundtype og ein fuglehundliknande rase. Kan hende var dette gardabikkja og jaktbikkja? Om det var katt, gjæser eller ender for ca. 1500 år sidan, veit vi ikkje. 

I dag beiter sauar på Jernaldergården.

Gudetru

Guden Ull og Ullandhaug 

Kva namnet Ullandhaug tyder, er omdiskutert og noko uvisst. I ei forklaring tek ein utgangspunkt i at ordet er sett saman av ordet útland og haug. Dette skulle tyde «den delen av garden som ligg i utkanten»”, altså ein gard som høyrde til ein større gard, som til dømes Jåttå. Ei anna, og kan hende meir sannsynleg, forklaring set namnet i samband med gudenamnet Ull.

Frå Ullandhaug er det praktfullt utsyn over Nord-Jæren og Hafrsfjord. haugen har fått namnet sitt etter den norrøne guden Ull. Foto: Annette Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS

Den norrøne guden Ull er lite omtala i mytane, men stadnamn tyder på at han ein gong har vore hovudgud i alle fall i delar av Skandinavia. I Noreg finn vi Ullensaker, Ullensvang, Ullern, Ullevål og Ullandhaug med fleire. Også i Uppsala i Sverige er namn med Ull hyppige, mens ein i Danmark og på Island saknar Ull-namn. 

Saxo Grammaticus (ca. 1150−1220) var ein dansk skrivar og historikar frå mellomalderen. I kongesoga si omtalar han Ollerus (Ull) som tok over styret i landet etter at Odin var fordriven frå makta. Ollerus styrte i ti år før Odin vart teken til nåde att. Forteljinga kan minne om ei eldgammal kultendring frå Ull til Odin. 

Snorre fortel at Ull er sonen til Siv og stesonen til Tor, og vert soleis plassert i utkanten av gudefamilien. Namnet vert sett i samband med eit germansk ord som tyder glans eller herlegdom, og ein har spekulert på om Ull kan ha opphav i ein gammal himmelgud. Ull var mellom anna gud for rettsordninga, og litterære kjelder talar om eid som vert avlagd ved ”Ulls ring”. Snorre fortel vidare at Ull er ein dyktig skiløpar og bogeskyttar. Ull sin bustad heiter ýdalir, som tyder barlind-dalen, og av barlind laga ein dei beste bogane. 

Jól i langhuset

Søn. 29.11.2020

11:00-16:00

Jernaldergården

Jól i langhuset

Søn. 06.12.2020

11:00-16:00

Jernaldergården

Julelunsj hos Kafé Ask og Embla

Lør. 12.12.2020

11:00-15:00

Arkeologisk museum og Jernaldergården
Kafé Ask og Embla

Jól i langhuset

Søn. 13.12.2020

11:00-16:00

Jernaldergården

Jól i langhuset

Søn. 20.12.2020

11:00-16:00

Jernaldergården
Vil du vite meir?

Litteratur om Jernaldergården

Det er skrevet mykje om Jernaldergården. Her er ei liste over noko av litteraturen.

Jernaldergården, før rehabiliteringen i 2018. Foto: Elisabeth Tønnessen, Arkeologisk museum, UiS.
  • Gammel gård gjenoppstår. Fra gamle tufter til levende museum.
    AmS Småtrykk 26, 1992.
  • Gårdsanlegget på Ullandhaug I. Gårdshus i jernalder og tidlig middelalder i Sørvest-Norge.
    Av Bjørn Myhre. AmS skrifter nr 4, 1980
  • Ullandhaug, en gård i eldre jernalder.
    Av Else Johansen Kleppe. AmS småtrykk nr 20, 1987


Frá haug ok heiðni

Frá haug ok heiðni er eit populærvitskapeleg tidsskrift utgjeve av Arkeologisk museum, UiS, med artiklar om nye funn, rapportar frå feltundersøkingar og med nytt om forsking og utviklingsarbeid ved museet. Det kjem ut med fire nummer kvart år.

Artiklar om Jernaldergården i Frá haug ok heiðni: 

  • 1967 nr. 2 Møllerup, Odmund: Omkring Ullandhauggarden 
  • 1967 nr. 3 Myhre, Bjørn: Utgravingen på gårdsanlegget på Ullandhaug 
  • 1968 nr. 4 Simonsen, Asbjørn: Pollenanalyse av et jordprofil fra jernaldergarden ved Ullandhaug 
  • 1968 nr. 4 Møllerup, Odmund: Omkring Jernaldergården 
  • 1969 nr. 1 Myhre, Bjørn: Gårdsanlegget på Ullandhaug etter to gravingssesonger 
  • 1971 nr. 1 Bergsåker, Jon: En dansk parallell til Ullandhauggården 
  • 1971 nr. 1 Møllerup, Odmund: Ullandhauggården 
  • 1971 nr. 3 Bergsåker, Jon: Kornet på Ullandhaug – og tusttyper i Rogaland 
  • 1973 nr. 1 Møllerup, Odmund: Jernaldergården på Ullandhaug 
  • 1974 nr. 3 Møllerup, Odmund: Jernaldergarden på Ullandhaug 
  • 1975 nr. 2 Johnsen, Jone: Veggene på Ullandhaug – røynsler og spekulasjoner 
  • 1980 nr. 4 Farnes, Elisabeth: Jernaldergarden på Ullandhaug – museum og forsøksgård 
  • 1985 nr. 3 Ormøy, Ragnhild: En kvinnelig gårdeier og testator i Rogaland på 1300-tallet 
  • 1986 nr. 1 Dahl, Johanne M.: Kvernsteinene på Ullandhaug 
  • 1989 nr. 1 Wishman, Erik H.: Hvordan opplevdes jærvinteren i jernalderhus for 1500 år siden? 
  • 2011 nr. 4 Lena Eikeland Kutschera og Espen Kutschera: Å leve i fortiden – en uke som fortidsfamilie på Jernaldergarden 
  • 2015 nr. 3 Einar Solheim Pedersen: Ullandhauggarden – planer om opprusting2015 nr. 1 Inger Horve: Jernframstilling og kullproduksjon på Jernaldergarden 
  • 2017 nr. 2 Terje Gansum: Kremasjoner på Jernaldergarden på Ullandhaug i Stavanger 
  • 2017 nr. 3 Temanummer om Jernaldergården på Ullandhaug: 
    Ole Madsen: Fra utgravd gårdsanlegg til viktig regional formidlings- og turistaktør 
    Einar Solheim Pedersen: Ullandhauggården – oppfyllelsen av en drøm 
    Brynja Bjørk Birgisdóttir: Velkommen til gards! Besøkssenteret på Jernaldergården – et servicesenter for våre gjester 
    Elna Siv Kristoffersen: Dyr og mennesker på Ullandhaug 
    Anne Kari Skår: Jernaldergården som arena for arkeologiske eksperimenter 
    Inger Horve: Et gløtt inn i hverdagslivet i jernalderen 
    Elna Siv Kristoffersen: Med klingende nøkler i beltet 
    Håkon Reiersen: Graver frå bronsealder til vikingtid 
    Inge Særheim: Ullandhaug – kva tyder namnet? 
    Åsa Dahlin Hauken: Gjenstandene fra tuftene på Jernaldergården 
    Marianne Nitter: Lokalklimatiske utfordringer på Jernaldergården 
    Olle Hemdorff: Utgravingene på Ullandhaug sett i lys av dagens metoder 
    Eli-Christine Soltvedt: Planterester fra Ullandhaug forteller om mat og håndverk i folkevandringstid 
    Inger Horve: Jernaldergården – snart i ny, gammel drakt 
  • 2018 nr. 1 Ragnhild Nordahl Næss: Nytt besøkssenter på Jernaldergården – 3200 besøkende på åpningsdagen
  • 2019 nr. 2: Inger Horve: «Husfruas hall» - bli med inn da vel! 


For bestilling − kontakt museumsbutikken: Tlf. 51 83 26 00 eller e-post: post-am@uis.no