Er AI ein svada-generator?

Det var tema då Universitetesbiblioteket i Stavanger inviterte til debatt om AI. Over 80 engasjerte studentar og tilsette møtte opp for å få med seg den viktige debatten. 

Published Sist oppdatert

Debatt på scenen på biblioteket
Foto: Tonje Elise Karlsen.

AI kan gjere studietida di mykje enklare. Men er det så lurt å ta den kontroversielle teknologien i bruk? KÅKÅ-redaktør Jørg Arne Jørgensen og StOr-leiar Joakim Ramsland snakka om nettopp dette.  

Ramsland er teknologioptimist medan Jørgensen vil åtvara mot den nye teknologien.  

- AI er ein svada-generator og det er mykje eg fryktar. Me gir opp prosessen med å tenkja sjølv og skapa noko frå botnen av. AI kan skapa kunst, komma opp med plott til filmar og laga arkitektur. Kva skjer då med den menneskelege skaparevna, seier Jørgensen.  

AI kan sjølvsagt frigjera mykje tid når den gjer den kreative jobben for oss. Det er likevel skummelt at samfunnet overlèt fleire prosessar til AI fordi han manglar etikk og sunn fornuft.  

- Det utviklar seg i ei retning som me ikkje kan forstå konsekvensane av, som eit monster som berre veks, seier han.  

Viktig verktøy  

StOr-leiar Joakim Ramsland meiner AI og ChatGPT er eit viktig verktøy i studietida fordi han gir personleg tilpassa svar og rettleiing, noko ikkje forelesarar alltid har tid til.   

- Det positive med ChatGPT er at me slepp den kreative prosessen. Mange synest det er krevjande å komma på idear sjølv, sier Ramsland.  

AI er eit lovleg hjelpemiddel på eksamenar som tillèt alle hjelpemiddel, men studentane må bruka det rett og referera til kjeldene som blir brukte.  

Vil lesa tekstar skriva av eit menneske  

«Kven her vil aller helst lesa ei bok som er skrive av eit menneske?», spør Jørgensen.  

Nærast alle i publikum rekkjer opp handa.   

- Den kjedelegaste journalistikken blir skriven av robotar, slår han fast.  

Ny kulturscene på Ullandhaug   

Universitetsbiblioteket i Stavanger inviterte for første gong til debatt, standup og bar i biblioteket.   

Biblioteket er ein viktig arena for å skapa liv på campus, og frir til alle innbyggjarane i regionen.  

Arrangementa er gratis og opne for alle, og det blir mange spennande arrangement framover.  

Måndag 4. september kjem NRK P3morgen for å ha direktesendt valsending midt i Universitetsbiblioteket i Stavanger.  

Tekst: Marie Kulander Knudsen.

Foto: Tonje Elise Karlsen.

Debatt på scenen på biblioteket
Debatt på Universitetsbiblioteket i Stavanger
Standup på biblioteket
Standup på biblioteket
Universitetsbiblioteket i Stavanger