Masteroppgåva i lesevitskap (LMLEMAS)

Masteroppgåva er eit vitskapleg sjølvstendig arbeid og er å rekne som eit forskingsarbeid på line med annan fagleg produksjon frå humanistiske fagmiljø. Arbeidet fylgjer difor dei aksepterte konvensjonar for presentasjon, drøfting, provføring, argumentasjon, dokumentasjon, kjeldebruk, tilvisingsmåtar, litteraturforteikningar med vidare.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

LMLEMAS

Versjon

1

Vekting (stp)

45

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

2

Vurderingssemester

Vår, Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Kandidaten vel sjølv sitt oppgåveemne, i samråd med rettleiar.

Emnet har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen på masternivå må skrivast på den målforma som ein ikkje nyttar i masteroppgåva. Språkføringa i masteroppgåva er såleis ein del av vurderingsgrunnlaget.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap:

  • ha fått innsyn i korleis eit vitskapleg arbeid typisk vert gjennomført, slik at ein i arbeid med eit overkomeleg materiale kan oppnå erfaring som har overføringsverdi til andre område.

Ferdigheter:

  • vite korleis eit velforma eksempel på forsking i fagområdet nordisk og lesevitskap ser ut slik at ein i prinsippet kan gå vidare på eiga hand eller under rettleiing innafor prosjekt med tilsvarande og vidaregåande arbeid i framtida.
  • vere trygg i fagområdet slik at ein kan undervise og formidle på anna vis eller utnytte i ulike yrkessamanhengar dei kunnskapar ein har skaffa seg.
  • vere så trent i relevante arbeidsmåtar at ein kan rettleie andre, i alle høve på lågare nivå, i framtida.
  • vere språkleg trygg og kunne uttrykkje seg fritt skriftleg i båe dei offisielle norske målformene, og vere i stand til å rettleie andre språkleg.

Generell kompetanse:

  • ha fått grunnleggjande forståing av metodologiske, teoretiske og praktiske forhold som er relevante for kulturell orienteringsevne og framtidig fagleg arbeid i valde felt.

Forkunnskapskrav

Gjennomført første år av masterstudiet.

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Masteroppgåve og munnleg eksamen 1/1 Bokstavkarakterar Alle

Omfanget på oppgåva skal vere 60 - 80 sider utanom tabell og vedlegg, 12 punkt Timest New Roman og linjeavstand 1.5.Etter innlevering av masteroppgåva, vil det bli halde ein munnleg eksamen. Denne består av to delar: (1) eit munnleg framlegg om masteroppgåva frå studenten på 15 minutt og (2) ein fagleg samtale mellom eksamenskommisjonen og studenten på inntil 30 minutt. Eksamenskommisjonen har sett karakter på sjølve masteroppgåva før den munnlege eksamenen, men oppgjer endeleg karakter til studenten etter at det munnlege framlegget og fagsamtalen er gjennomført. Dei to delane av den munnlege eksamenen må godkjennast av eksamenskommisjonen, og kan justera karakteren på masteroppgåva med ein karakter.Ved klage på karakterfastsetting og karakteren blir endra frå første sensur skal studenten opp til ny munnleg eksamen.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Deltaking på arbeidsseminar (75%), Godkjend prosjektskisse
  • Studenten presenterer munnleg sitt masteroppgåveprosjekt for sine medstudentar. Prosjektet vert diskutert i plenum med ein vald opponent og rettleiar til stades.
  • Godkjend prosjektskisse

Unntaksvis kan studentar få fritak frå delar av seminaret for å gjennomføre feltarbeid i utlandet.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Gunvald van Schaik

Studiekoordinator:

Signe Ekenberg

Faglærar:

Ingrid Nielsen

Arbeidsformar

Arbeidsseminar, rettleiing.

Åpent for

Lektorutdanning for trinn 8-13

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto