Hopp til hovedinnhold

Institutt for kultur- og språkvitskap

Institutt for kultur- og språkvitskap (IKS) arbeider med undervisning, forsking og formidling innanfor religion, kultur, språk, litteratur, historie og pedagogikk.

Publisert: Endret:
Faktaboks
Studentar

1150

Tilsette

77

Stipendiatar

14

Finn oss

Vi held til i Hulda Garborgs hus

Ønsker du å få undervisningskompetanse samtidig som du er i jobb? Da kan en samlingsbasert variant av praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Stavanger være noe for deg
Bygning , trær og parkeringsplass

I ei verd med klimaendringer, migrasjonsbølger og raske teknologiskifte er det nødvendig å forstå verdien av identitet, verdiar, religion, kultur, etikk og språk. Representative demokrati treng ei opplyst offentlegheit, som igjen forutset lese- og skrivedugleik så vel som kunnskap om historie og internasjonale forhold. Arbeidslivet er prega av globalisering, omstilling, aukande kompleksitet og teknologiutvikling. Samfunnsutviklinga gjer det stadig viktigare at skulen kan lære elevane å handtere kompleks og tvetydig informasjon. Humaniora er sentralt på alle desse områda.

IKS tar forventningane til humaniorafaga på alvor og gjer vårt for å svare på samfunnsutfordringar og Stortinget sitt mål om ei tydelegare innretting mot arbeidslivet. Gjennom forskingsprosjekt i Jærskulen i kritisk tenking, EU-prosjekt om grøn medborgarforsking, praksisemne for barchelorstudentane, og spisskompetanse i miljøhumaniora bryner tilsette og studentar seg på relevante problemstillingar for Noreg i 2020.

Med 80 tilsette og om lag 600 studentar tilbyr instituttet også eit attraktivt forskarutdanningsmiljø både for nasjonale og internasjonale forskarrekruttar, og har om lag  15 doktorgradsstipendiatar. Å fange opp og støtte opp om humanistiske forskartalent er viktig for Universitetet i Stavanger.

Aktuelle saker

Fagside for humanistiske fag

Ressurser fra biblioteket innen historie, kunst og religion, samt språk og litteratur.

Lærerstudenter og flerspråklige klasserom

Stadig flere norske klasserom preges av språklig og kulturelt mangfold. Wenche Elisabeth Thomassen har i sitt doktorgrad...

Digital sommerskole for lærerstudenter

Fremtidens lærere trenger profesjonsfaglig digital kompetanse. Derfor arrangerer DDV sommerskole for lærerstudenter ved ...

Seks nye professorar

Ved Institutt for kultur- og språkvitskap har heile seks personar fått opprykk eller blitt tilkjent professorkompetanse ...

Beverne som flyttet til Sverige

En digital utstilling følger historien om beverne som ble fanget i Norge for å settes ut i Sverige for 100 år siden.

Tre nye meritterte undervisarar ved UH-fakultetet

Professor Finn Arne Jørgensen (IKS) har saman med førsteamanuensis Tuula Skarstein (IBU) og førsteamanuensis Janne Fausk...

Back to Blood: Pursuing a future from the Norse Past

Korfor blir vikingar og norrøn fortid stadig meir populært?

Norrøn interesse førte til videospill-jobb

UiS-ansatte Roderick Dale hadde neppe sett for seg at han skulle bidra til å lage videospill da han studerte norrøn litt...

Informasjon om praksis ved lærerutdanningene i forbindelse med utbruddet av koronavirus

Undervisning og praksis blir påvirket av koronaviruset. Les mer her om hvordan det påvirker praksis for deg som er lærer...

Hvordan beholde engasjement?

Andrew Hargreaves, professor II ved UiS, og Dennis Shirley, professor ved Boston College, holdt seminar om sin nye bok f...

Den ukjende historia til dei første nordmennene i Texas

Ei rekke nordmenn gjekk frivillig inn i sørstatshæren under den amerikanske borgarkrigen og kjempa med vitande vilje for...

Misjon, sild og urbanisering

Førstelektor Olav Tysdal ved Institutt for kultur- og språkvitenskap disputerer for graden dr. philos. ved Universitetet...

Menneske, meiningar og makter

UiS-forskarane Marianne Hafnor Bøe og Anne Kalvig er for tida aktuelle med ei ny lærebok i religionsvitskap.

Alumnportrett: PPU opna nye dører

Guro Garderhagen var sveisar. No er ho lærar.

Disputas: Nye språklege former spreidde seg med handelen

Kjetil V. Thengs disputerte for graden philosophiae doctor (ph.d) ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Stav...

Skal utforske og lære å ta i bruk digital teknologi i læringssituasjoner

Flere studier påpeker at det er et stort gap mellom hva lærerstudenter tilegner seg av digital kompetanse og hva slags b...

Lyses forskningspris til professorer i miljøhistorie

«Hvordan skal vi svare på de store miljøutfordringene, på lokalt, nasjonalt og globalt nivå? Det er viktig at vi stiller...

– Skoler bør bruke religiøse høytider i undervisningen

– Markering av ulike religiøse og kulturelle høytider kan bidra til å gjøre elevene til gode samfunnsborgere, mener reli...

Vin, skogbrann og hulekunst: tre Marie Curie-stipend i humanistisk miljøforskning til UiS

Universitetet i Stavanger har fått tre postdoktorstipender som utforsker forholdet mellom mennesker og miljø fra EU-prog...

UiS-forskar blir sjefredaktør for internasjonalt tidsskrift

Professor Dolly Jørgensen har tatt over som ein av dei to sjefredaktørane for tidsskriftet Environmental Humanities frå ...

Utviklar forsking og gode praksisar i kritisk tenking

Friske EU-midlar forlengar internasjonalt UiS-prosjekt med tre år.

Lærerstudenter får fri tilgang til framtidens klasserom

Lærerstudentene ved Universitetet i Stavanger får nå et fortrinn mange vil misunne dem for. De får fri tilgang til Didak...

Studietilbod

Institutt for kultur- og språkvitskap tilbyr ei rekke allmennyttige utdanningar innan historie, religion, kultur og språk, i tillegg til lærarutdanningar.

Sjå alle studietilboda våre her

Skal ein forstå andre menneske, må ein forstå språket og den kulturen dei er ein del av. Litteratur og språk skapar, og blir skapt av, kultur, historie og samfunn.

Som humanist får du brei kompetanse til å behandle store mengder informasjon og data, analysere, syntetisere, og tolke informasjon. Du får erfaring med å lese store mengder tekst kritisk og effektivt, gode kunnskapar om kjeldekritikk og du utviklar dei analytiske evnene dine. Vi trenar deg i å tenke sjølvstendig og stole på eiga dømmekraft.

Som student i religion, kultur og samfunn lærer du å sjå verda som samansett og kompleks, og mangfaldskompetansen du får er eit nyttig verktøy til å forstå komplekse situasjonar når du går ut i jobb etterpå.

Historiefaget lærer deg å forstå, analysere, samanlikne og forklare det som har skjedd før oss: kvardagsliv og politikk, industri og religiøs strid, fredeleg sameksistens og ideologisk kollisjon. Det gir oss viktige perspektiv på vår eiga tid, og er eit verktøy til å reflektere over våre eigne liv.

Språket, både det norske og det engelske, angår oss alle — vi brukar det kvar dag, og ser og høyrer det rundt oss heile tida. Samtidig er språket og litteraturen ein viktig del av historia og den nasjonale kulturen. Med språkfag i kofferten får du ein etterspurt kompetanse og ei omfattande språkleg og kulturell forståing.

Instituttet tilbyr i tillegg norskkurs for utanlandske studentar og tilsette.

Dette kan du studere ved IKS:

Mannlig lektorstudent forklarer noe for en elev i praksis

Skal du ut i praksis?

Lektor- og PPU-studentar har obligatorisk praksis som del av utdanninga si.

Praksisopplæringa gir studentane høve til å knytte teori og praksis saman. I praksis får studentane gjere seg erfaringar gjennom observasjon og reelle undervisningssituasjonar under rettleiing av erfarne lærarar.

Vi har samla informasjon om praksisopplæring som er relevant for alle lærarutdanningane

Her finn du meir konkret informasjon om praksisopplæring for lektorstudentar og for PPU-studentar-

Kva kan du jobbe med etter å ha studert humaniorafag?

Ein bakgrunn i humaniora gir deg høve til ei rekke ulike vegar inn i arbeidslivet.

For mange er ei karriere i skulen, med formidling av fag til barn og unge, riktig karriereveg. Både lektorprogrammet og praktisk-pedagogisk utdanning på toppen av mastergrad i eit skulefag vil gi deg høve til å bli den gode læraren med solid fagleg fordjuping som skapar motiverande og variert undervisning. Då kan du jobbe som lærar i ungdomsskulen og på vidaregåande skule.

Historikarar finn vi innanfor mange forskjellige bransjar, deriblant forsking og undervisning på alle nivå, kulturlivet, media og forlag, reiseliv, private organisasjonar og offentleg forvaltning. Mange historikarar jobbar på museum eller i arkiv, med formidling av historie til eit breiare publikum.

Studier i religion, kultur og samfunn kan kvalifisere for arbeid i skulen (med PPU), media og kulturlivet, samt arbeid innan religiøse og frivillige organisasjonar. Innsikt i religions- og livssynsmangfald er også relevant innan offentleg sektor, slik som helse- og sosialvesen, rådgjevingstenester, arbeid med integrering og på arenaer der fleire kulturar møtest.

Studiar i språk gir grunnlag for arbeid med språk, litteratur, kommunikasjon og tekstproduksjon i mange samanhengar. Utdanninga gir deg språk- og kulturkompetanse som kan brukast i arbeid med omsetjing, språk- og tekstkonsulentverksemd, informasjonsarbeid. Dette kan vere stillingar innan  bibliotek, museum, kulturinstitusjonar, forlag, marknadsføring eller reiselivsbransjen.

Oppnådd mastergrad kan kvalifisere til å søke opptak til doktorgradsutdanning, som kan legge grunnlag for ein forskarkarriere.

Forsking

Humanistisk kunnskap om andre sin og eigen kultur og historie opnar for alternative perspektiv, bidrar til å utvikle nye omgrep og skjerpar evna til å tenke kreativt og øve kritikk så vel som sjølvkritikk. Når forskarar på IKS jobbar med minneforsking og kritisk tenking i skulen er dette viktige bidrag til demokratiske verdiar som openheit og kritisk perspektiv.

Humanistisk kunnskap om andre sin og eigen kultur og historie opnar for alternative perspektiv, bidrar til å utvikle nye omgrep og skjerpar evna til å tenke kreativt og øve kritikk så vel som sjølvkritikk. Når forskarar på IKS jobbar med minneforsking og kritisk tenking i skulen er dette viktige bidrag til demokratiske verdiar som openheit og kritisk perspektiv.

Eit samfunn som berre interesserer seg for augneblinken og akutt problemløysing, er ikkje levedyktig. Å kjenne historia og ha eit kritisk bikk på den er vesentleg for en god vidare utvikling. Vi kan ikkje forstå samfunnsutfordringar som klima, miljø og migrasjon utan å analysere det offentlege bilete av slike fenomen. Miljøhumaniora kan bidra til å sjå miljøutfordringar frå ein annan ståstad enn den tradisjonelle naturvitskaplege, og bidra til den viktige tverrfaglegheita.

Forskarar på IKS analyserer korleis ulike individ og grupper både i Europa og i verda øvrig har argumentert for ulike samfunnsmodellar. Humanistisk forsking viser korleis desse ulike modellane og argumenta er i spel, korrelerer eller er i konflikt i dagens globale røynd. Kva er identitet? Korleis påverkar demografiske endringar kultur og etikk?

Endringsprosessar knytt til globalisering, migrasjon, transnasjonalisme, aukende individualisering og sosioøkonomisk og sosiokulturell differensiering har konsekvensar for kvardagen for mange av innbyggjarane våre. Kjente sosiale nettverk forvitrar og nye grupper blir skapt kor vi kanskje høyrer til, kanskje ikkje. God integrering er heilt sentralt for å møte utfordringane knytt til migrasjon, ulikskap og konsekvensar av utanforskap, og fråfall frå utdanning. Korleis jobbar skular og barnehagar med religions-,  livssyns- og kulturmangfald i sin undervisningpraksis?

Korleis blir identitetar uttrykt gjennom språkleg form? Forskarane i programområdet «Språklege identitetar» samlar ei rekke relaterte fagfelt innanfor fakultetet og ser på både historiske og moderne språk, med fokus på engelsk og nordiske språk. Gjennom dette bidreg dei til at norsk forblir eit samfunnsberande og livskraftig fag- og vitskapsspråk.

Totalt er instituttet er vertskap for fire forskingsprogramområde, og samlar mesteparten av forskingsaktiviteten inn under dei fire. Den eksternt finansierte prosjektporteføljen veks, og prosjektene fører med seg utstrakt samarbeid med partnarar både i Noreg og utanlands

Programområde for forskning ved Institutt for kultur- og språkvitskap

Arenaer vi samarbeider på

Instituttleiing

Instituttleder
51831337
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora

Institutt for kultur- og språkvitenskap
Kontorsjef
51832305
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora

Fakultetsadministrasjonen UH

Administrasjon IKS

Instituttråd IKS

Instituttrådet gir instituttleiar råd i følgande saker:

  • Strategiske planar på instituttet sine fagområde
  • Instituttet sine studietilbod
  • Område for satsingar på forskning, innovasjon og formidling
  • Instituttrådet skal også høyrast i ad hoc-saker som har strategisk betydning for instituttet.

Fakultetsstyret oppnemner eksterne rådsmedlemer etter forslag fra instituttråda, og dei velger sjølv leiar.

Medlemmer i instituttrådet for IKS

Tomas Drønen (leiar, ekstern), Randi Hummervoll (ekstern) Dolly Jørgensen, Alexandre Dessingué, Jon Skarpeid, Ullrich Dettweiler (vitskapleg tilsette), Signe Ekenberg (adm. tilsett).

Sekretær for instituttrådet: Instituttleiar Kjetil Vikhamar Thengs.