Fordjuping i nordisk (LNOR270)
Dette fordjupingsemnet består av ein språkleg del og ein litterær del. I den språklege delen inngår fleirspråklegheit før og no, der ein studerer språkkontakt frå eit historisk sosiolingvistisk perspektiv. Her skal hovudtemaa frå grunnemna - språkstruktur, språkbruk og språkhistorie - byggjast på og nyttast for å utforska dei sosiokulturelle og språklege konsekvensane av møtet mellom norsk og andre språk opp gjennom åra, frå dansk og lågtysk i mellomalderen til engelsk og andre språk i dag. Kunnskap om desse møta, som har lagt grunnen for den fleirspråklege situasjonen i Noreg i dag, er høgst relevant for skulelærarar, folk som arbeider i privat og offentleg sektor og for samfunnsdeltaking generelt, same kva språkleg bakgrunn ein har.
I den litterære delen skal studentane skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosesser i skjeringspunktet med andre mediale former. Studentane skal få kunnskap om mediale overgangar mellom tekst og bilde og tekst og lyd. Slike overgangar og blandingsformar pregar i stor grad vår mediale kvardag i dag. Tekst skal dermed forståast som et multimodalt fenomen.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2023-2024. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
LNOR270
Versjon
1
Vekting (Sp)
15
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Språkleg del: Emnet omfattar fleirspråklegheit, der ein studerer språkkontakt - hjå fleirspråklege individ og i fleirspråklege samfunn. I emnet inngår historisk sosiolingvistisk analyse, der ein studerer språkhistorisk variasjon og endring. Emnet tek òg for seg korleis det fleirspråklege Noreg i dag kan forståast i lys av møte mellom norsk og andre språk over tid.
Litterær del: I den litterære delen skal studenten skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosessar som oppstår i overgang frå ein medieform til ein annan. Kvardagen vår er preget av mange tekstuelle blandingsformar og den 'reine' teksten har i stor grad mista sin dominante posisjon. Litterære (prosa)tekster er i dag ofte utgangspunkt for adaptive prosessar: dei vert filma, sett opp på scenen, omarbeida til teikneserie eller omforma til eit dataspel. Bruken av litterære tekster har forandra seg betrakteleg kvar gang mediale innovasjonar har fått gjennomslag. I løpet av kurset skal de ulike mediale særeigenheiter beskrivast og analyserast. Alle disse diskusjonar skal relaterast til en diskusjon av kva et mulitmodalt tekstbegreip i dag kan være.
Læringsutbytte
Språkleg del
Kunnskap:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
- kjenna relevant teori og terminologi i språkkontaktforsking og historisk sosiolingvistikk
- ha innsyn i korleis språkkontakt har vore med og forma norsk språk, både i dag og i tidlegare hundreår
- ha kunnskap om tilhøvet mellom fleire språklege system i kontakt og sosialt styrd variasjon
Ferdigheiter:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
- kunna analysera og vurdera språklege mønster i historisk sosiolingvistisk perspektiv
- kunna relatera fleirspråklegheit i dagens Noreg til tidlegare sosiohistoriske kontekstar
- kunna gjera greie for språkendringar og -variasjonar knytte til språkkontakt før og no
- kunna analysera autentiske historiske tekster i eit språkkontaktperspektiv
Generell kompetanse:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
- gjere greie for fleirspråklegheit som eit breitt og mangfaldig sosiolingvistisk fenomen
- ha utvikla evna til å drøfte kontakten mellom norsk og andre språk i dag og i tidlegare periodar
Litterær del
Kunnskap:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
- ha omfattande kunnskap om tekst-bilde relasjonar (adaptasjon av litterære tekster til film; teikneseriar; dataspel)
- ha brei forståing av teoridanninga innanfor feltet.
- ha allmenn oversikt over den historiske og teknologiske utviklinga innanfor dei valte områda
- ha innsikt i narrative, retoriske og andre estetiske strategiar som forandrar seg ved de mediale overgangane
Ferdigheiter:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
- kunna fortolka og analysera tekster i samspel med andre mediale utformingar
- kunna omsetja teoretisk røynsle til praktiske ferdigheiter
- kunna kritisk vurdera teoretiske konsept
- kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement
- kunna arbeide med multimodale tekstformer
- kunna granska komplekse saksforhold
Generell kompetanse:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
- ha evne til kritisk tenking
- kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis
- kunna overføra fortolkingskompetansen på andre samfunnsområde
- ha innsikt i tydinga av tekstuelle element i definisjons- og maktspørsmål
Forkunnskapskrav
Andre emnekombinasjonar kan òg godtakast dersom dei har tilsvarande innhald.
Forkunnskapskravet er minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande). Bachelorstudentar må ha minimum 45 SP nordisk eller tilsvarande på innføringsnivå for å starta på fordjupinga.
Eksamen / vurdering
Skriftleg innlevering og mappeinnlevering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Skriftleg innlevering | 1/2 | Bokstavkarakterar | Alle | |
Mappeinnlevering | 1/2 | Bokstavkarakterar |
Innleveringsoppgåva skal være på 2500 ord +/-10%. Mappa består av to innleveringar (1750 ord +/- 10 %). Kvar av desse tel 50 %. Innleveringane og skriftleg oppgave skal skrivast på bokmål dersom fordjupingsoppgåva (LNOR290) blir skriven på nynorsk, men på nynorsk dersom fordjupingsoppgåva blir skriven på bokmål.Begge eksamensdeler må vera bestått for å få samla resultat i emnet.