Hopp til hovedinnhold

Norsk fagdidaktikk del 1 PPU136

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2022-2023. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Emnekode

PPU136

Versjon

1

Vekting (Sp)

7.5

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald
Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis. Studentane skal utvikle evne til å reflektere over målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget, og korleis desse momenta kan skape læring og utvikling hjå elevane. Vidare skal studentane utvikle eit kritisk fagsyn gjennom refleksjonar knytt til norskfaget i eit samfunnsperspektiv og eit historisk perspektiv. Dei skal også kunne vise seg som språklege modellar for elevane, både skriftleg og munnleg.gjennom sikker bruk av begge dei offisielle norske målformene.
Læringsutbytte

Kunnskap:

Etter endt studium skal studentane ha

  • inngåande kunnskap om kva plass historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
  • inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument og eit medvite forhold til fagleg progresjon gjennom det 13-årige skuleløpet
  • eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
  • avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget samt læremiddel i undervisninga
  • avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen

Ferdigheter:

Etter endt studium skal studentane kunne

  • reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
  • argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
  • reflektere rundt norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk framføring
  • orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis

Generell kompetanse:

Etter endt studium skal studentane kunne

  • opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar
Forkunnskapskrav
Ingen
Eksamen / vurdering
Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Munnleg framføring 1/1 30 Minuttar Bokstavkarakterar Power-point, lysark e.l.

Munnleg vurdering på inntil 30 minutt:
• Kvar student held ei førelesing for faglærarar og medstudentar på rundt 20 minutt. Deretter kan oppfølgingsspørsmål til førelesinga stillast.
• Hjelpemiddel som powerpoint, støtteark og liknande kan brukast.
• Emne skal godkjennas av faglærar på førehand innan gitt frist.
• Både fagleg innhald og formidlingsevne blir vurdert.
• Studentane kan be om rettleiing.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Obligatorisk krav
Det obligatoriske kravet er at emnet for munnleg eksamen må være godkjent innan gitt frist.
Fagperson(er)
Praksiskoordinator: Kristin Henanger Haugen
Praksiskoordinator: Lene Båkind Sollie
Studiekoordinator: Anja Helen Steinsland
Emneansvarleg: Ingrid Nielsen
Studiekoordinator: Anne Marie Nygaard
Arbeidsformar
Førelesingar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.
Åpent for
Lektorutdanning for trinn 8-13 Praktisk pedagogisk utdanning - deltid Praktisk pedagogisk utdanning - heltid
Emneevaluering
Studentane er med og evaluerer emna etter UiS sitt kvalitetssystem.
Litteratur
Pensumlisten finner du i Leganto