Disputas om forbrukaråtferd knytt til mat

Korleis fungerer «nudging» som verkemiddel for å påverke åtferda til forbrukarane når det kjem til mat? Det har Ingrid Laukeland Djupegot undersøkt i doktorgradsarbeidet sitt.

Published Sist oppdatert

Ingrid Laukeland Djupegot
Ingrid Laukeland Djupegot disputerte 24. juni 2020.


Nudging er eit verkemiddel som kan brukast til å endre åtferda til folk, for eksempel kundar, brukarar og innbyggjarar, i ei bestemt retning. Det kan vere å ete sunnare, vere meir miljøvennleg eller bruke eit produkt på riktig måt

Når du nudger, skal du ikkje fjerne nokre val, du skal ikkje tvinge, du skal berre gi ein liten, vennleg dult. Det gjer du ved å tenkje over korleis du presenterer vala på.

Kva meiner forbrukarane om nudging?

Ho har funne ut at dei forbrukarane som opplever at nudging verkar, er dei som støttar verkemiddelet. Deretter har ho forsøk å finne ut kva som faktisk gjer at forbrukarar opplever eit nudge som effektivt. Tidlegare forsking har nemleg vist at dette ikkje nødvendigvis heng saman med den faktiske effekten av eit nudge.

Hennar forsking viser blant anna at gode argument for at nudging verkar, er effektivt.  Dersom argumenta er mindre gode, kan forbrukarane framleis oppleve effekt dersom avsendaren er ei truverdig kjelde.

Når nudging fokuserer på korleis ein kan forhindre at folk blir sjuke av å ete usunt, blir det opplevt å vere effektivt. Faktisk meir effektivt enn om den same informasjonen fokuserer på korleis nudges kan brukast som verkty for å fremje helse, altså at du held deg frisk ved å ete sunt.

Djupegot forsvarde avhandlinga si If I think it works, I like it: Towards an increased understanding of consumer opinions about food-related nudging då ho disputerte for ph.d.-graden i leiing, økonomi og reiseliv ved Universitetet i Stavanger 24. juni 2020.

Ingrid Laukeland Djupegot (28) har master i folkehelsevitskap og bachelor i ernæring, mat og kultur frå UIA Ho er tilsett som førsteamanuensis ved Høgskolen på Vestlandet og er frå Sandane.